STARTLÅN: Årdal kommune tar opp 8,6 millionar i startlånmidlar, der folk som slit med å få lån på den private lånemarknaden kan søkje om lån. Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) meiner det er viktig at ein har moglegheit til å eige eigen bustad. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
STARTLÅN: Årdal kommune tar opp 8,6 millionar i startlånmidlar, der folk som slit med å få lån på den private lånemarknaden kan søkje om lån. Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) meiner det er viktig at ein har moglegheit til å eige eigen bustad. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

– Viktig å eige sin eigen bustad

I 2015 og 2016 har Årdal kommune fått 17 søknader om startlån.

Årdal: Kommunen tar difor opp 8,6 millionar i startlånmidlar. Dette er midlar som skal nyttast til folk som ikkje har moglegheit til å få lån på den private lånemarknaden, eller som har behov for rimelegare vilkår.

I fjor og i år har NAV Årdal fått inn 17 slike søknader, som fordeler seg både refinansiering og etablering. Tre av desse har førebels fått avslag, medan dei innvilga låna utgjer i overkant av 8 millionar kroner. 

– Det er veldig viktig å eiga sin eigen bustad. Eigen bustad har noko å seia for trivsel og identitet. Me i Arbeidarpartiet er positive til at denne gruppe skal få moglegheit til startlån, sa Marie Helene Hollevik Brandsdal då saka vart handsama i kommunestyret.

Sist Årdal søkte og fekk slike midlar for vidaretildeling var i 2013. Då fekk kommunen 7,5 millionar. I fjor søkte kommunen om 10 nye millionar og fekk innvilga 8,6 av desse, men sidan det framleis var att pengar, vart det beslutta at ein skulle vente med å ta ut lånet. 

Pengane er no brukt opp, og difor er det behov for nye. Sidan kommunen allereie hadde ein søknad inne, vart denne no innvilga på 8,6 millionar frå Husbanken. 

Låneverksemda skal ikkje vere i konkurranse til det private marknaden, heller eit supplement. Søkarane er økonomisk vanskelegstilte innanfor gruppene fyrstegongsetablerarar, barnefamiliar, einslege forsytarar, flyktningar og/eller husstander med særskilde behov.

Ein ynskjer og å kunne prioritere grupper som i dag bur i kommunale bustadar og som gjerne vil kjøpe bustaden, men ikkje får lån til dette i ordinær bank. Bustadane må vere nøkterne, rimelege i forhold til prisnivået på staden og tilpassa dei einskilde familiane.

– Ved sakshandsaming av lån blir låntakar si betalingsevne vurdert. Det blir sett opp eit budsjett etter mal frå Husbanken. Det blir i all hovudsak ikkje tildelt lån som ligg utanfor verdien av bustaden. I tilfeller der det omsøkte beløp overstig verdien på bustaden, er det mogleg å tildele tilskot til etablering i tillegg. Kommunen har til no hatt lite tap på startlån, heiter det i saksutgreiinga. 

Til toppen