SPRÅKNØYTRAL: Sveinung Stensland (H) vil ha ein språknøytral vestlandsregion. Foto: Stortinget.no
SPRÅKNØYTRAL: Sveinung Stensland (H) vil ha ein språknøytral vestlandsregion. Foto: Stortinget.no

– Viktig å forstå korleis bokmålsfolk tenkjer

Val av målform i vestlandsregionen engasjerer sterkt. – Bokmål er i klart fleirtal i Rogaland, men me er like gode vestlendingar, seier stortingsrepresentant som vil ha språknøytral vestlandsregion.

Sveinung Stensland frå Haugesund sit på Stortinget for Høgre og er ueinig med dei som har reagert på at intensjonsavtalen om samanslåing av dei tre fylka ikkje gjer det klart at det nye fylket skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Stensland peikar på at nynorsk er veldig unaturleg for størstedelen av Rogaland, og at Sogn og Fjordane alt har fått mykje i forhandlingane.

Les også: Redd nynorsken kan forvitra

– I avtalen legg dei veg, kultur og fylkesmann til Sogn og Fjordane. For dei fleste rogalendingar er det kortare å reisa til Paris enn til Leikanger. Mange rogalendingar kjenner at Sogn og Fjordane alt har fått nok, og så krev dei språket i tillegg, seier han og legg til at Rogaland har fire gongar så mange innbyggjarar.

Språkforma engasjerer

– Dette er ikkje bra om målet er å samla regionen og ta imot Rogaland.

Stensland sit ikkje sjølv i fylkestinget, men på Stortinget og skal difor ikkje vera med å eventuelt vedta fylkessamanslåing. Han har snakka med politikarar frå Nord-Rogaland som seier at språket er det dei får flest e-postar om.

– I Rogaland har me eit rikt dialektmangfald, eg er svært oppteken av å alltid bruka den fine hagesunddialekten min, men me skriv bokmål og er like gode vestlendingar likevel.

Han er redd debatten om språkforma kan vekkja motstand mot nynorsk, og såleis verke mot formålet sitt. Difor vil han heller at regionen skal vera språknøytral.

– Nynorsktilhengjarane må prøva å sjå korleis bokmålsbrukarane tenkjer. I Rogaland er nok 300.000 av dei 470.000 innbyggjarar frå bokmålskommunar som Stavanger, Haugesund og Karmøy.

Stensland avsluttar med at han røysta for obligatorisk sidemål på landsmøtet til Høgre, og meiner at så lenge me har to skriftspråk, må me læra begge to i skulen. 

Til toppen