OFREDAL: Erling Offerdal (Sp) slapp å byte namn til Ofredal, men fekk med seg kommunestyret på at riktig skrivemåte på bygdene er Ofredal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
OFREDAL: Erling Offerdal (Sp) slapp å byte namn til Ofredal, men fekk med seg kommunestyret på at riktig skrivemåte på bygdene er Ofredal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Viktig å halde på namnet som er frå gamalt

Det sa Erling Offerdal (Sp) som fekk med seg kommunestyret på at det skal skrivast Ofredal, ikkje Offerdal.

Årdal: I samband med adresseringsprosjektet i Årdal har kommunen reist namnesak for namna Naddvik og Natvik, Ofredal og Offerdal og fleire. Det er kartverket i Bergen som har sendt saka ut på lokal høyring.

Erling Offerdal skildra dette som si hjartesak og var klinkande klar på at Ofredal var riktig skrivemåte. I dag uttalar mange namnet heller Offerdal. 

– Det er viktig å halde på namnet som er frå gamalt av. Når ein seier noko mange nok gonger, blir det slik. Me som bur der meiner det er viktig at det blir heitande Ofredal, sa han då saka vart handsama i kommunestyret før påske.

Tillit

Det hadde dei andre representantane ingen innvendingar mot. Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) uttalte i formannskapet at Ap-gruppa har tillit til kunnskapen hans. 

Riktig skrivemåte på dei to bygdene er difor no Ytre Ofredal og Indre Ofredal, medan det nye vegnamnet skal vera Ofredalsvegen. 

Demmingen

Eit anna namn som skulle vedtakast var namnet på vatnet Demningen. I tilrådinga frå namnenemnda var forslaget at dette heller bør heite Paradistjørni med Demmingen, som vatnet vert kalla i dag, som undernamn.

– Dette har eg diskutert med nemnda. Vatnet ligg ved Paradisjuvet, men vatnet renn ikkje ned der, men i Ofredal. Difor forstår eg ikkje heilt at dei vil endra namnet. Det er alltid blitt kalla Demmingen, sa han.

Bakgrunnen for namnet er at det i 1920 vart sett opp ein demning. Ifølgje namnenemnda heitte det Paradistjørni før den vart sett opp. Dersom demmingen skulle forsvinne ein dag, ville ikkje namnet på vatnet gi noko meining, argumenterte dei.

Spøkefull Høl

Offerdal kom med framlegg om å stryke namnet i formannskapet, men i kommunestyret enda dei opp med å kalle vatnet Demmingen med Paradistjørni som undernamn.

– Ein må til ein viss grad støtta seg til ei namnenemnd, men når du har eit kommunestyre smekkfullt av kunnskap på namn, kan ein bli frista til å støtte Offerdal, sa Hilmar Høl (Ap), som spøkefullt fremja forslag om at Erling Offerdal må skifta etternamn til Ofredal.

– Men eg får ikkje fleirtal, så eg trekk det, smilte han.

Natvik gard

Ofredalsnamnet var ikkje det einaste under lupen. Også skrivemåten Naddvik og Nattvik blei vurdert. Per Bjørkum og Siri Benjaminsen på Natvik gard gav si høyring i saka, der dei heldt på at namnet på garden deira burde vera Natvik og at vegen skal heita Natviksvegen.

Det var nemnda samde i. Dette sa også eit samrøystes kommunestyre ja til. 

Til toppen