– Viktig å tenke på dyra under nyttårsfeiringa

– Viktig å tenke på dyra under nyttårsfeiringa

Randi Aarethun i Indre Sogn Dyrevernlag oppmodar alle om å ta omsyn til både to og firbeinte når ein skal skyte opp rakettar.

Nyttårsaftan kan kome som julekvelden på kjerringa for dei som har dyr som er urolege eller engstelege for fyrverkeri og andre høge lydar, og Aarethun er overtydd om at det er mange dyr som mistrivst under nyttårsfeiringa.

  • Sjølv har eg hatt ein hund som alltid har vore redd for fyrverkeri, og løysinga for oss vart roande medisin. Men korleis skal me kunne gi dette i tide, når mange begynner å skyte opp rakettar lenge før midnatt?

Aarethun legg til at rakettar som vert skotne opp til varierande tider før midnatt også gjev dyreeigarane andre praktiske utfordringar. Det vert mellom anna vanskeleg å planlegge lufteturar eller vite når ein skal stenge igjen katteluka.

Må ta omsyn
Sjølv meiner Aarethun at fyrverkeri er unaudsynleg, men ho har full forståing for at dette er ein tradisjon som er kome for å bli. Ho tykkjer likevel det er fælt at mange kjæledyr står åleine medan rakettane smell, fordi at eigarane skal til nære og kjære for å feire.

–  Me vil jo skyte opp rakettar, men kva dyra vil er jo ei anna sak. Eg tykkjer det er trist at det vert tatt så lite omsyn til dyra, det minste ein kan gjere er å vente til midnatt.

Vidare vonar Aarethun at alle som har kjæledyr ikkje reiser frå dei, men vel å vere med dei sånn at dei ikkje er åleine når raketane vert skotne opp. Ho tilrår også alle dyreeigarar med urolege kjæledyr å kontakte veterinær for å få roande medisin til sine firbeinte.

Mange er gjerne usikre på korleis førehandsreglar ein skal ta som dyreeigar, under finn du 10 råd om kjæledyr og fyrverkeri, forfatta av Norges miljø og biovitskaplege universitet (NMBU) .

8 råd om kjæledyr og fyrverkeri

1) Start med lydtrening tidleg. Det er betre å førebygge ein fobi og frykt enn å skulle gjere noko med det etter frykta har oppstått.

2) Lag ei hole, kosekrok eller ta med dyret til eit så lydtett rom som mogleg, som til dømes eit bad eller ein kjellar. Det er viktig at kjæledyret kjenner seg trygg på denne lydisolerte staden. Det er viktig at også katten eller kaninen har ein skjerma skjulestad der dei kan vere trygge. Ein stad som nærmast er lydtett, kan også vere fint for fuglar – ein kan til dømes setje fugleburet på badet med eit teppe over buret.

3) Kontakt veterinær tidleg dersom du treng medisin. Det er spesielt viktig å vere tidleg ute dersom hunden eller katten tykkjer nyttårsaftan er så frykteleg at den må ha angstdempande medisin. Grunnen er at ein helst bøt ha testa medisinen i god tid før nyttårsaftan, då nokre dyr kan få uynskte biverknadar. Ein bør absolutt oppsøkje veterinær med katten dersom det vert for gale, i tilfelle den er så uroleg at den tissar og bæsjar.

4) Roande feromonar. Er kjæledyret ditt berre uroleg og syner mild otte kan det vere nok å bruke feromonar. Det er roande stoff som naturlig vert produsert av kjertlane i midtlinja på ei diande tispe eller frå katte sinne kjertlar. Feromonar kan ein få i både spray og halsband.

5) Aldri reis frå eit uroleg kjæledyr. Forsking syner at blikkontakt med eigar, der forholdet mellom eigar og dyr er godt frå før av, aukar oxytocinnivået hjå hunden. Oxytocin er eit velvære-hormon som vert skapt når du får nærleik og berøring.  Difor må ein aldri forlate eit kjæledyr som er uroleg på nyttårsaftan, men vere til stades der og då og halde deg sjølv roleg. Ein hjelper hunden berre ver å vere der.

6) Hald dyret inne. Har du ein utekatt, bør den takast inn på nyttårsaftan. Det er mange hundar og kattar som kan stikke av i panikk.

7) Reis vekk med kjæledyret. Du kan reise vekk med dyret til ein stad du veit er roleg. Fleire tek med seg hunden til parkeringshus med etasjar godt under bakkenivå.

8) Slit ut hunden. Luft hunden så tidleg som mogleg på dagen, og gå gjerne ein lang tur som slit den litt ut, med innlagt mental trening som søk eller lydnad.

Til toppen