EI BYGD: Øvre-Tangen-konflikten kom ikkje uventa opp som tema, og dette var noko det var brei semje om at ein må leggje død. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
EI BYGD: Øvre-Tangen-konflikten kom ikkje uventa opp som tema, og dette var noko det var brei semje om at ein må leggje død. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

– Viktig at ein engasjerer seg

Det seier Are Indrelid som deltok på idédugnaden til Årdal Utvikling for å kome med innspel til strategisk næringsplan.

Årdal: Indrelid møtte som representant for bygdas kanskje viktigaste arbeidsplass Hydro. Torsdag føremiddag var han og ein knippe utvalde bedrifter, kommunal verksemd og politikarar samla til eit arbeidsmøte og idédugnad.

Kvelden før var rundt 60 personar frå det frivillige livet i bygda med representantar i alle aldrar samla. Desse to møta markerte starten på arbeidet med ei tung rullering av strategisk næringsplan som skal vedtakast mot slutten av året.

Denne planen skal forma framtida for Årdal, og difor er det viktig for bedrifter som Hydro å engasjere seg i arbeidet, forklarar Indrelid.

– Eg tykkjer det er bra at ein inviterer til slik idédugnad. Det er viktig for Hydro at Årdal er eit levande samfunn med kompetanse og andre næringsbedrifter som trekk til seg arbeidskraft. Me er avhengige av å vera ei attraktiv bygd dersom me vil at få folk hit og driva business på best mogleg måte, seier han.

Artikkelen held fram under biletet.

ENGASJEMENT: Engasjementet blant deltakarane vart stort og innspela mange då Årdal Utvikling inviterte til idédugnad for å forme strategisk næringsplan. Geir Smedegård, Arne Håkon Laberg og Marie Helene Hollevik Brandsdal diskuterer.
ENGASJEMENT: Engasjementet blant deltakarane vart stort og innspela mange då Årdal Utvikling inviterte til idédugnad for å forme strategisk næringsplan. Geir Smedegård, Arne Håkon Laberg og Marie Helene Hollevik Brandsdal diskuterer.

– Ein plan folk kjenner seg att i

Medan ein gjekk breitt ut onsdag kveld, var det eit meir snevert selskap som var samla torsdag føremiddag. I starten av dette arbeidet går ein no breitt ut for å samle innspel før ein spissar dette.

– Målet er å systematisere innspela, og me håpar at ein ut frå desse kan konkludere kva målsettingar Årdal skal ha framover. Så håpar ein at ein ser kva område ein skal spissa for å satsa på, seier dagleg leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg.

– Dette skal vera ein plan folk kjenner seg igjen i, og som dei vil vera med og ta eit tak for, skyt styreleiar i Årdal Utvikling, Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) inn. 

Konsekvensen av ein god plan som er godt forankra blir ofte fleire innyggjarar og vekst, men samstundes er det viktig at innbyggjarane skal trivast, legg Laberg til. 

– Må legge Øvre-Tangen-konflikten død

Både onsdag og torsdag blei deltakarane utfordra i grupper til å kome med sine innspel til kva som kan gjera Årdal til ein betre kommune. For enkelte var det ei openberring kor mykje liv det faktisk er i bygda. Samhald, dugnad, fritidsaktivitetar, kompetanse, samarbeid og ein slutt på Øvre-Tangen-konflikten gjekk igjen hjå dei fleste gruppene. 

Og spesielt det siste fekk sin del av merksemda. Her var alle klare på at dette var noko årdøler saman må få slutt på, at det er éi bygd, og den bygda må stå saman.

– Kvar enkelt av oss må gå i oss sjølve og oppfordra til ei retning der ein sluttar å bruke energi på dette. Og så er det ei oppfordring til media om å vere tydelege på dette og leggja denne diskusjonen død ein gong for alle. Me står saman og sit i same måt. Då kan me ikkje dra opp dette kvar gong noko vert diskutert, seier Kurt Jevnaker (V), som sit i styret til Årdal Utvikling.

– Me står saman når det gjeld, og eg håpar me saman kan byggja ei ny framtid. Dette er ei tung rullering av planen, der me skal prøve å utvikle bygda vidare, stabilisere innbyggjartal og gjere det flott å bu her. Ved å engasjere breitt, trur eg at i løpet av året skal me koma ut med eit godt produkt i desember, legg ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) til.

Då skal nemleg planen vedtakast i kommunestyret. Laberg og Brandsdal seier det blir fleire høve til å kome med innspel. Når hausten kjem, skal planen på høyring før den blir endeleg vedteken i desember.

Må forplikte seg til planane

Før den tid skal innspela spissast og konsentrerast slik at ein til slutt endar opp med noko alle vil stå bak og arbeide for, og som gir verdi. Men det er utfordringar.

– Det utfordrande er kanskje at det er mykje ein vil gjera, men det er avgrensa med moglegheiter, kanskje spesielt finansielt. Kanskje ein skal para kronene formannskapet løyver med anna kapital frå finansbedrifter og private næringsdrivande for å få opp større tyngde og auka sjansane for å lykkast, foreslår Jevnaker. 

Som medlem i styret i Årdal Utvikling, og som også Laberg påpeika overfor forsamlinga torsdag, seier han vidare at det ikkje er utviklingsselskapet som kan skapa noko. Dei skal leggja til rette for engasjerte og villige aktørar. 

– Det er lett å koma med idear og forslag, men når ein først kjem med innspel, må ein stå bak det viss det blir vedteke. Det er viktig at planen som blir lagt tydeleggjer kven som er involvert og korleis ein skal løysa det, slik at det ikkje berre blir mange gode planar og ingen som tek tak i det, konkluderer Indrelid.

Til toppen