SKEIV START: Sogn lokalmedisinske senter har ikkje fått den beste starten. Årdal kommune har sagt opp avtalen. No vert det jobba hardt for å ta ned kostnadene, men både leiar ved LMS, Vivian Kvam (t.v.) og stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, Margun Thue (t.h.) er positive. Her frå opninga av LMS, der Senterparti-politikar Kjertsi Toppe klypte snora. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv). 
SKEIV START: Sogn lokalmedisinske senter har ikkje fått den beste starten. Årdal kommune har sagt opp avtalen. No vert det jobba hardt for å ta ned kostnadene, men både leiar ved LMS, Vivian Kvam (t.v.) og stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, Margun Thue (t.h.) er positive. Her frå opninga av LMS, der Senterparti-politikar Kjertsi Toppe klypte snora. Foto: Ina Eirin Eliassen (Arkiv). 

– Viktig for Helse Førde å behalde LMS ved sjukehuset

Stadleg leiar ved Lærdal sjukehus, Margun Thue, meiner det lokalmedisinske senteret komplimenterer tilbodet ved sjukehuset.

Lærdal: Sogn lokalmedisinske senter (LMS) er inne i ei litt usikker tid. Årdal kommune har ikkje vore nøgd med kostnadane og har sagt opp avtalen. 

I tillegg har LMS gjort forsøk på å få ned kostnadene opp mot Helse Førde, noko dei har lykkast i, men når innsparingane skal fordelast på kommunane, er det lite att.

– Me jobbar med kostnadsbilete her og har fått positive signal frå Helse Førde om å justere avtalen. Då snakkar me om leige av personell og husleige. Når dette skal fordelast på kommunane, blir det småsummar, kanskje 300.000 kroner, seier Vivian Kvam, som er leiar for LMS. 

– I tillegg jobbar me i LMS med vårt eige personell for å ta ned kostnader. Me får ikkje tilsette i alle stillingar og må gjera omprioriteringar av personale. Me har ei sak ute til tillitsvalde og verneombod no for å sjå på ulike måtar å organisere seg.

– Forstår at kommunane er i ein vanskeleg situasjon

Sogn LMS inneheld tre tilbod: ein interkommunal legevaktsentral, eit kommunalt akutt døgntilbod, såkalla KAD-senger, og interkommunal legevakt. Kommunar i Sogn er med på dette gildet i ulik grad. Nokre kjøper berre telefontenesta. Andre, som Årdal, er med på heile pakka.

Det er verdt å merke seg at dette er lovpålagte tenester, som kommunane elles må løyse sjølv. Porten.no har tidlegare omtalt at Årdal kommune ikkje er nøgd med kostnadsbiletet og har sagt opp avtalen. Denne veka møttest kommunane, LMS og Helse Førde.

– Det har vore ein tung og langdrygd prosess, men me hadde eit møte denne veka som var veldig konstruktivt og positivt for begge partar. Me har ein viss glede og nytte av kvarandre, seier Kvam og siktar til Helse Førde, som deler det synet.

– Me prøver å leggja til rette for å få dette til. Me forstår at kommunane er i ein vanskeleg situasjon og ønskjer å strekkje oss for at dei framleis skal vere ein del av sjukehuset, seier Margun Thue.

Riggar seg for nye krav

Førebels ser det altså ikkje ut til at det er mogleg å få til dei store innsparingane. I tillegg kjem det ein ekstra kostnad dette året som ikkje var budsjettert med. For Årdal er det snakk om 1,3 millionar kroner, kom det fram på møtet i finansutvalet tysdag denne veka. 

Ifølgje Kvam skuldast dette den krevjande opplæringa dei har køyrt på personalet sitt innanfor naudnett, der ein no skal gå vekk frå telefonen og over til datastyrt telefoni. Det inneberer at kontrollrom og arbeidsplassar må riggast om annleis. 

– Det som ligg på naudnett, er ei eingongsinvestering. I tillegg ligg det nokre krav i akuttforskrifter som kjem for fullt i 2018. Desse riggar me oss heile vegen for å oppfylle. Me klarar ikkje ta ned kostnadene på legevaktsentralen før me har gjennomført det, forklarar ho.

– Har like store interesse av dette som kommunane

Thue trur avtalen som vart inngått då LMS starta opp var litt uklar i høve omfang.

– Det var kanskje slik at ein måtte sjå ting litt etter kvart. Me måtte berre koma i gang den gongen. Kommunane og Helse Førde hadde eit godt samarbeid då og har det framleis, seier ho.

– For oss er det viktig at LMS er på sjukehuset. Det komplimenterer tilbodet ved sjukehuset, og Helse Førde var ein sterk bidragsytar til at det vart etablert i det heile. Me har like stor interesse av dette som kommunane, og eg har inntrykk av at samarbeidet på huset går veldig bra.

Årdal har sagt verken ja eller nei til om dei vil halde fram. Dette skal politikarane ta stilling til, truleg i kommunestyret seinare denne månaden. 

Til toppen