STÅR I FARE: Fylkesdirektøren for opplæring føresler å ikkje setta i gang andre trinn på kjemiprosess ved vidaregåande i Årdal til hausten. Enkelte fryktar at det kan vera starten på slutten for linja.
STÅR I FARE: Fylkesdirektøren for opplæring føresler å ikkje setta i gang andre trinn på kjemiprosess ved vidaregåande i Årdal til hausten. Enkelte fryktar at det kan vera starten på slutten for linja. (Foto: Arkiv)

Viktig studietilbod i Årdal kan bli stoppa – Hydro fryktar for rekrutteringa

Trass stor etterspørsel etter lærlingar, er det svært få søkarar til kjemiprosess-linja ved vidaregåande i Årdal. Det set studietilbodet i haust i fare, noko som uroar både tillitsvalde ved skulen og industrien i kommunen.

Årdal: – Det er eit skremmeskot, absolutt. Me blir jo redde for at dette kan vera starten på slutten, på at linja ikkje får leva lenger, seier Nina Jevnaker, tillitsvald ved den vidaregåande skulen i Årdal.

– Me er uroa for den framtidige rekrutteringa, seier Geir Nordnes. Han er personalsjef, eller HR Business Partner som stillinga heiter, ved metallverket til Hydro i Årdal.

Bakgrunnen for uroa er det låge søkartalet til kjemiprosess på andre trinnet på vidaregåande i Årdal. Berre fire elevar har søkt i første runde, medan minstekravet er åtte elevar. Dermed kan det bli ein mørk haust for det viktige utdanningstilbodet i Årdal.

UROA: Nina Jevnaker, tillitsvald ved den vidaregåande skulen i Årdal, er uroa for skjebnen til kjemiprosesslinja.  Foto: Kaja Nygård 

– Skular i fylket har fått løyve til å setta i gang klassar før, sjølv om dei har vore under minstekravet. Me meiner at dei lærlingane som kjem ut er så viktige for industrien vår, at me bør få lov denne gongen òg, seier Jevnaker.

Nordnes: – Kortsiktig

Personalsjef Nordnes i Hydro seier at industrien i kommunen skrik etter lærlingar, og at kjemiprosess saman med industriteknikk er dei to mest ettertrakta faga. Faktisk har dei fleire lærlingeplassar enn det er studieplassar.

Han har difor vanskeleg for å skjøna korleis studieretninga kan stå i fare.

– For oss er dette kortsiktig tenking, seier han.

Tysdag 3. april blir skjebnedagen. Då skal hovudutval for opplæring bestemma seg for kva dei skal gjera. Både fylkesdirektøren og fagopplæringsnemnda føreslår å ikkje setta i gang opplæringa i år. Det betyr ikkje at tilbodet blir lagt ned. Det er fritt fram å lysa ut tilbodet neste år, dersom etterspurnaden skulle ta seg opp.

Likevel ser folk i Årdal med uro på det som skjer.

– Det kjennest vanskeleg, både med tanke på elevane som blir avbrotne midt i eit løp, lærarkreftene som jobbar der og næringslivet som forventar at me gir dei lærlingar. Det er vanskeleg å tenka på at dette kan vera starten på ei nedbygging. Me er ein så liten skule at me eigentleg ikkje toler noko, seier Jevnaker.

Vil jobba saman for å løfta utdanninga

Verken ho eller personalsjefen på Hydro har noko god forklaring på kvifor søkartalet er så lågt. 

– Eg skjønnar det ikkje, spesielt med tanke på kor fantastisk kort vegen til arbeidslivet er på den utdanningslinja, seier Nordnes.

– Viss eg kunne ha gitt deg svaret, så kunne eg kanskje løyst problemet, seier Jevnaker.

Ho mistenker at ein jobb i industrien ikkje lenger er så attraktiv som han ein gong var. Samtidig blir det for mange langt å reisa til ein skule som ligg i eine kanten av fylket.

– Me har ein jobb å gjera saman med industrien. Me må bli flinkare til å visa fram kva me har, og kva moglegheiter som finst for elevane etter at utdanninga er avslutta, seier Jevnaker.

Til toppen