ELDREBØGJA: Grunna endringar i befolkningsbehovet i kommunen, var politikarane i formannskapet inne på tanken om å nytta ressursane annleis med tanke på nedgang i fødselstala og ei forventa eldrebølgje. Foto: Arkiv. 
ELDREBØGJA: Grunna endringar i befolkningsbehovet i kommunen, var politikarane i formannskapet inne på tanken om å nytta ressursane annleis med tanke på nedgang i fødselstala og ei forventa eldrebølgje. Foto: Arkiv. 

– Vil aldri vri noko frå oppvekst til eldre

Det sa ordførar Jan Geir Solheim (Sp), under formmanskapsmøte Lærdal om den kommande eldrebøgja. 

Lærdal: Grunna endringar i befolkningsbehovet i kommunen, var politikarane i formannskapet inne på tanken om å nytta ressursane annleis med tanke på nedgang i fødselstala og ei forventa eldrebølgje. 

– Me har mange planar som ligg parallelt og det må vera mogleg å ha to tankar i hovudet samstundes, seier Gunn Beate Sjøthun (Sp).

I Lærdal vil ein trenge fleire hender i eldreomsorgen. Dette vil bidra med fleire arbeidsplassar og forhåpentlegvis tilflytting av fleire unge arbeidstakarar. 

Samfunn i endring

Sjøthun trur det vil kome fleire jobbar i kommunen no når samfunnet er i endring. 

– Det vil bli fleire jobbar, men kanskje ikkje i oppvekstsektoren. Me veit at det vil komme fleire flytkningar til bygda, då har me behov for fleire konsulentar. Samfunnet er i endring, men me trenger ikkje fokusera på det negative, seier ho. 

Kåre Mentz Lysne (Ap) meiner at nøkkelen er å få folk til å busetje seg i kommunen. 

– Det hjelpe ikkje å få mange arbeidsplassar i Lærdal om mange av desse pendlar hit og bur andre stader. Me må få folk til å busetja seg her, seier Lysne. 

– Må forhalda oss til realiteten 

Det kjem til å bli fleire eldre i heile Noreg dei kommande åra. Det er ein realitet. Likevel ønskjer ikkje Lærdalsordføraren å vri ressursar frå oppvekst til eldre. 

– Det kjem eg aldri til å gjere. Me vil få til eit auka læringsutbytte blant dei unge og sikre barnehageplass til alle. Fokus på utvikling av skulen i Lærdal vil også halda fram. I dag har me eit av Noregs beste kulturtilbod for unge. Slik vil me ha det, seier Solheim. 

Under møtet om sunn kommuneøkonomi som gjekk parallelt med formannskapsmøtet, kom det fram at Lærdal må redusere utgiftene sine med 20 millionar kroner dei neste åra. 

– Me veit at det kjem til å skje ein befolkningsutvikling i dei eldre gruppene. Uansett kor mange unge som flyttar til Lærdal, blir det fleire eldre. Her må me ha ein strategi for å løysa tenestebehovet og for å gjera det, må me forhalde oss til realiteten, seier rådmann, Alf Olsen Jr. 

Han forklarar at kommuneøkonomien er på ein viss størrelse, men at behovet skiftar etterkvart. Då er det difor naudsynt å gjera ein del tiltak. 

– Om ein skal leggje til rette for fleire barnefamiliar i kommunen, må ein tenkje på korleis ein skal gjere det innanfor dei økonomiske rammene som allereie er bestemt, seier Olsen Jr. samstundes som han etterlyser politisk val og prioriteringar. 

Stor lønnsauke

Innan oppvekst peikar fleire av politikarane på problematikken rundt lønnsauke blant lærarar og dei allereie sette budsjettrammene. 

– Me får ikkje tilført dei budsjettrammene som me brukar. Anten må me bruka mindre folk, eller så går det ikkje opp. Me får ikkje lønna lærarane utan å få tilført fleire midlar. Då lurer me oss sjølve, seier Lysne. 

Fleire lærarar rykkjer opp i lønn, både grunna ansiennitet og vidareutdanning. Oppvekst har det største avviket i budsjettrammene. Eit av alternativa som vart lagt fram, var å sei opp folk. 

– Me må ha eit mest mogleg realistisk budsjett, seier Olsen Jr.  

Til toppen