AVGJERANDE: Dei tre sommarmånadane er helt avgjerande for selskapa sine inntekter for året som heilhet, seier Merethe Olsen, administrerande direktør for NOR-WAY Bussekspress.
AVGJERANDE: Dei tre sommarmånadane er helt avgjerande for selskapa sine inntekter for året som heilhet, seier Merethe Olsen, administrerande direktør for NOR-WAY Bussekspress.

Vil at myndigheitene skal betale eit sete for kvar billett

No legg Ekspressbussane fram eit forslag som kan hjelpe å dei unngå nedlegging av ruter.

Sogn: Om lag 90 prosent av passasjergrunnlaget for ekspressbussane forsvann etter 12. mars på grunn av reiseforbod. No gjer krav om eit ledig sete mellom kvar passasjer det ulønnsamt å starte opp igjen.

Resultatet kan bli stopp i ferietrafikken i sommar og varige nedleggingar av mange ruter, skriv NOR-WAY Bussekspress i ei pressemelding.

– Ekspressbussane er Vestlandet sitt «togtilbud». Langs heile kysten frå Trondheim til Stavanger kan du køyre kollektivt med ekspressbuss. Ekspressbussane knyter byar og plassar langs kysten saman og betyr enormt for samfunna, seier Merethe Olsen, administrerande direktør i NOR-WAY Bussekspress.

Sommaren er avgjerande 

– Etter nesten ingen inntekter under reiseforbodet i mars og april, har vi no valt mellom å køyre med tap eller la bussane stå, sidan Ekspressbussane køyrer utan offentleg støtte. For å få dekka kostnadane ber næringen om eit tilskot, der myndigheitene betalar for eit sete for kvar billett som vert selt, seier ho.

Sommarsesongen 2020 kan bli den travlaste nokon gong, fordi nordmenn skal feriere i eige land. Problemet er at kvar buss berre kan køyre halvfull, som følgje av myndigheitene sine råd for kollektivtrafikk.

Dersom sommersesongen fell bort kan det vere kritisk økonomisk for mange busselskap og ekspressruter vil bli nedlagt, skriv dei i pressemeldinga

– Forslaget om kompensasjon er spelt inn av NHO Transport, og må på plass i den proposisjonen regjeringen sender Stortinget den 29. mai, slik at me og kundane kan legge planar for sommaren no.

– Dei tre sommarmånadane er helt avgjerande for selskapa sine inntekter for året som heilhet. Viss denne sommaren skal gje null inntekter og store tap på grunn av faste kostnadar kan det bety selskapsavvikling og nedlegging av fleire ekspressruter, som i dag har låg lønnsomheit, seier Olsen.

Til toppen