VIL AUKA IBU-MIDLANE: Prosjekt Sau og Utmark, eit samarbeidsprosjekt mellom Årdal, Lærdal og Aurland ønskjer å auka statleg støtte til bøndene gjennom IBU-midlar. Bilete viser ein fagdag i regi av prosjektet i vår. Arkivfoto: Jan Christian Jerving.
VIL AUKA IBU-MIDLANE: Prosjekt Sau og Utmark, eit samarbeidsprosjekt mellom Årdal, Lærdal og Aurland ønskjer å auka statleg støtte til bøndene gjennom IBU-midlar. Bilete viser ein fagdag i regi av prosjektet i vår. Arkivfoto: Jan Christian Jerving.

Vil auka IBU-midlane

Prosjekt Sau og Utmark ser me uro på at investerings- og bedriftsutviklingsmidlane (IBU) er brukt for i år.

Årdal/Lærdal: Prosjektet er eit fireårig prosjekt med mål å styrka sauehaldet i kommunane Årdal, Lærdal og Aurland. Mange har søkt om midlar som er forvalta av Innovasjon Norge.

Desse midla kan for mange gardsbruk vera heilt avgjerande for vidare drift i Sogn og Fjordane, men no er desse midla brukt opp.

– Difor er det med uro at me konstaterer at investerings- og bedriftsutviklingsmidlar (IBU) for Sogn og Fjordane til investeringar i tradisjonelt landsbruk er brukt opp for 2015. 

– Slik me ser det vil dette gjera Innovasjon Norge til ein bremsekloss heller enn ein utviklingsaktør. Det er ei reell bekymring at folk som anten er klar til å starte utviklingsprosessen eller som får avslag, mistar den «driven» ein hadde som gjorde at ein bestemte seg for å søke i første omgang, heiter det i ei melding til Fylkesmannen.

Dei meiner dette kan føra til bonden sine byggeprosjekt vert utsett i eit år eller i verste fall kansellert, og at i løpet av det året kan løna arbeid utanom garden framstå som ei betre løysing.

Difor ber Prosjekt Sau og Utmark om at desse midlane vert auka, slik at dei som ønskjer å produsere mat, får sjansen til det. 

– Landbruket i Sogn og Fjordane er viktig for fylket både for matproduksjon, for reiselivsnæringa, eit levande jordbrukslandskap og for levande bygder. Landsbruksnærings treng all den støtte den kan få, ikkje minst gjennom statlege utviklingsmidlar.

Det er prosjektleiar Håvard Øyrehagen, landsbrukssjef Magnhild Aspevik og styreleiar Erling Offerdal som står bak brevet.

Til toppen