FISKECAMP: Før helga hadde unge fiskeinteresserte ei unik moglegheit til å lære mykje nytt om flugefiske, og ikkje minst få prøve seg i Lærdalselvi. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
FISKECAMP: Før helga hadde unge fiskeinteresserte ei unik moglegheit til å lære mykje nytt om flugefiske, og ikkje minst få prøve seg i Lærdalselvi. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Vil auke rekruttering med fiskecamp

Terje Forberg  håpar fiskecampen dei arrangerer for unge vil gjere at fleire får fiske på kroken.

Lærdal: Forberg kjem frå Aurland jakt og fiskelag, men det er Lærdal jakt og fiskelag som arrangerer gratis camp for unge mellom 16 og 25 år. Takka vere Mark Brooks, som stiller elva til disposisjon i tre dagar, får unge fiskeinteresserte ei unik moglegheit til å fiske i Lærdalselvi.

– På campen prøver me å lære vekk kasteteknikk til unge gutar og jenter. Forhåpentlegvis skal dei også få seg ein laks for første gong, seier Forberg.

Han står ved elva og syner ein ivrig elev korleis ein skal kaste med tohands flugestand. 

– For min eigen del har eg brukt ekstremt mykje tid på kveldar. Eg har kasta på gras og i elv når det ikkje er fiskesesong for å trene og trene og trene. Det ligg ein del timar i dette er for å få det til skikkeleg, seier han.

Eksklusivt

Forberg er dermed meir enn godt nok skikka til å lære frå seg. Eleven, Jon Sander Nyberge, deltok på same campen i fjor. Då var det første gongen dette vart arrangert.

Artikkelen held fram under biletet.

EKSKLUSIVT: Nyberge set pris på eit så godt tilbod, og meiner det er eksklusivt å få fiske i Lærdalselvi.
EKSKLUSIVT: Nyberge set pris på eit så godt tilbod, og meiner det er eksklusivt å få fiske i Lærdalselvi.

– Eg har ikkje noko erfaring frå fiske i elv, men det er eksklusivt å få fiske her, og så er det gratis. Eg har berre vore her nokre timar no, men eg skal prøve å kaste litt, seier han.

Utstyret har han fått låne av fiskelaget. 

– Det er kjekt å fiska. Sjølv har eg fiska mest i fjellet og på fjorden, og aldri med fluge.

GOD LÆRAR: Terje Forberg har mange timar med øving bak seg og har mykje å lære frå seg.
GOD LÆRAR: Terje Forberg har mange timar med øving bak seg og har mykje å lære frå seg.

Lærer mykje

Då er han iallfall komen til rett plass. I løpet av dagane lærer elevane kasteteknikk, får kunnskap om fluger, korleis ein bitt fluger og mykje meir.

– Her får dei lære kor fisken kan stå i elva, korleis ein skal oppføre seg ved elva, og ikkje minst korleis ein skal behandle fisken. Det er viktig at ein ikkje farar stygt med fisken slik at ein bevarar bestanden best mogleg, forklarar Forberg.

Han er sjølv ein relativt ung fiskar, og håpar er at endå fleire skal oppdaga interessa hans og bli blitt av basillen.

– Årsaka til at me gjer dette er for å gi tilbake til samfunnet, men også å få unge folk inn i det. Det er viktig å rekruttere og få litt glød. Me ser det godt at dei som er her for ei fin oppleving, legg han til og takkar Brooks for at han stiller elva til disposisjon for eit slikt føremål. 

Til toppen