VIL SELJA: Lærdal kommune ønskjer å selje fleire av eigedomane som dei eig. Foto: Illustrasjon. 
VIL SELJA: Lærdal kommune ønskjer å selje fleire av eigedomane som dei eig. Foto: Illustrasjon. 

Vil behalda Rikheim skule 

Lærdal kommune skal selja fleire av sine eigedomar grunna store utgifter til vedlikehald og årlege utgifter. 

Lærdal: – Det har vore eit tungt arbeid og det er mange hensyn som må takast, sa Trond Einemo under formannskapsmøtet i april. 

Formannskapet kom fram til at dei ønskja å selja sju av dei åtte eigedomane til kommunen på den frie marknaden. 

Les også: Kommunen ønskjer å selja Losjehustomta i Lærdal

Vil ikkje selja

Ein av dei åtte eigedomane som vart føreslått seld, var gamle skulen på Rikheim. Saka vart lagt ut på offentleg høyring, der folk kunne koma med innspel. 

– Det har kome fleire ulike innspel. Blant anna om at gamleskulen burde brukast til museum, seier Einemo som sit i prosjektgruppa. 

Les også: Vurderer å selje desse eigedommane

Difor vart det bestemt at kommunen skulle behalda ein av dei gamle skulane i bygda. 

Rikheim Gamle Skule er eit særprega bygg med mykje historie. Bygget vart kjøpt av Lærdal kommune i 1989 og vart vedteke nytta som skulemuseum.

Stor interesse

Samfunnshuset på Borgund er naturlegvis det bygget det er mest interesse rundt. Bygget er regulert til ålmennyttig formål som inneber at bygget skal nyttast til dette føremålet.

– Me kjem til å gjera ein ny vurdering av denne eigedommen, sa Einemo under formannskapsmøte. 

Samfunnshuset på Borgund vert lite nytta i kommunal tenesteproduksjon, men vert brukt mykje av innbyggjarane på Borgund.

Lærdal kommune har ingen inntekter på bygget, og bygget vert nytta til fleire ulike formål som barnedåp, begravelsar, bryllaup, bursdagar, gravferd, 17.mai feiringar, juletrefestar og elles utlån til lag og organisasjonar.

Prosjektgruppa tilrår at Borgund Utvikling får tilbod om å overta huset vederlagsfritt. . Når det gjeld forkjøpsretten, må denne avklarast før eit eventuelt sal. 

Vil bygga i kommunal regi

Prosjektgruppa tilrår sal av Losjetomta som ligg ved Frilund ungdomshus i Lærdal. Losjehuset brann ned i storbrannen i Lærdal i 2014. 

– Arbeidarpartiet ønskjer ikkje å selje denne tomta. Me ønskjer å nytta tomta til bustadsformål i kommunal regi, seier Kåre Mentz Lysne (Ap) under formannskapsmøte. 

Losjehustomta har eit tomteareal på 1146 kvadratmeter og ligg fint plassert nær sentrum. Tomta ligg innanfor verneområdet og har ein del restriksjonar ved ei eventuell bygging av einebustad. 

Tomta er regulert til bustad/forsamlingslokale i detaljreguleringsplan frå 2013. Utfordringar knytt til tomta er busslomme for ein teneleg tilkomst til eigedomen.

Senterpartiet ytra også at dei ønskjer å byggja i kommunal regi. Saka vil bli teken opp i kommande kommunestyremøte i mai. 

Tilbod om å kjøpe

Innhaldet av innspela viser at det er stort engasjement rundt dei gamle skulehusa, samfunnshusa og Losjehustomta. Det er kun Murnaustet og Frønningen grendahus ein har fått positive tilrådingar for sal. 

Lærdal kommune eig mykje bygningsmasse i forhold til størrelsen på kommunen. Hovudformålet med sal er å få unna ein del av bygningsmassen som ikkje vert nytta i den kommunale tenesteproduksjon.

Prosjektgruppa kom med tilrådingar om at grendahuset på Frønningen vert overlatne til dei aktuelle interesseorganisasjonar i grenda som kan drifte bygga vidare på ein god måte. Dette stemte formannskapet for. 

Det er kome innspel om tilråding til sal av Murnaustet, og ingen frarår eit sal av bygget. Mange har vist interesse for bygget utover innspela som er kome inn.

Eigedomen ligg i Verneområde for gamle Lærdalsøyri, og er regulert til bustad, forretning, kontor, herberge. Bygget vert leigd ut i dag, og tekniske tenester er avhengige å ha same tilgang til bygget pga. sprinkleranlegg.

Leigetakar har pussa opp bygget innvendig og nyttar bygget som galleri. Oppussinga har ført til verdiauke. Leigetakar får tilbod om å kjøpe Murnaustet til takst. Dersom leigetakar takkar nei til tilbodet, vert bygget lyst ut på den opne marknaden. 

Fleire skular

Borgund Husflidslag låner Husum skule i dag. Utfordringa til dette bygget er at Lærdal kommune ikkje har heimel til bygget og kan ikkje selje eller overføre eigedomen.

Det vil vere mest naturleg å overlate eigedomen til livsarvingar. Prosjektgruppa oppmodar dei aktuelle livsarvingane om å gå i dialog med Borgund Husflidslag for utleige. Dei tilrår også at den som har heimelsrett overtar bygget. 

I dag er det Audhumbla 4H som nyttar gamle Berge skule og har gjort det sidan 2006. Bygget er i dårleg forfatning og prosjektgruppa tilrår sal av bygget, dette var formannskapet einig i. 

Lærdal kommune er registrert som eigar av Strendene skule, men det er ikkje vegrett til tomta. Prosjektgruppa har vore i dialog med eigar av nabotomta. Eigaren av denne tomta ønskjer ikkje å overta huset grunna stort vedlikehaldsbehov. Han påpeikar òg at det ikkje er vegrett for bil til skulehuset då bilveg går over hans eigedom.

Prosjektgruppa tilrår at bygningen vert lyst ut for sal. Dette inneber at bygningen må flyttast, og at tomta vert tilbakeført til hovudbruket. Dersom ingen interessentar melder seg, må saka opp til ny vurdering. Dette var formannskapet samde i. 

Til toppen