SAMLINGSSTAD: Stein Vidar Nemeth (Sp) meiner kommunen burde behalde Borgund samfunnshus fordi det fungera som ein samlingsstad for bygdefolket. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 
SAMLINGSSTAD: Stein Vidar Nemeth (Sp) meiner kommunen burde behalde Borgund samfunnshus fordi det fungera som ein samlingsstad for bygdefolket. Foto: Camilla Skjær Brugrand. 

Vil behalde Borgund samfunnshus

Samfunnshuset på Borgund var eit av dei kommunale bygga som Lærdal kommune vurderte å selja. No har kommunestyre snudd. 

Lærdal: Kåre Mentz Lysne (Ap) kom med framlegg om å behalde samfunnshuset på Borgund under kommunestyremøte torsdag. 

Alle dei 17 kommunestyremedlemmane som deltok i møtet vedtok samrøysta i behalde huset på Borgund. 

Les også: Vil behalda Rikheim skule 

– Samfunnshuset på Borgund vert brukt som eit forsamlingshus. Idrettsanlegget der oppe har ikkje utstyr som til dømes kjøken. Fram til ein får ordna same utstyr på idrettsanlegget som i samfunnshuset, må dei som bur på Borgund få halda på dette tilbodet, sa Stein Vidar Nemeth (Sp). 

Samlingsstad for folket

Leiar for kyrkjestyret i Lærdal, Audun Mo, meiner at samfunnshuset burde halda fram som kommunalt bygg og at det burde setjast saman ei gruppa som kan styra det. 

– Samfunnshuset er ein samlingsstad for dei som bur på Borgund. Eit alternativ er at kommunen tek betalt for at andre skal bruka det for å dekka vedlikehaldskostnadane, sa Mo. 

Kåre M. Lysne påpeika at kommunen har hatt utfordringar knytt til den tekniske drifta av bygget. Det er også gjort vedtak på at ein ikkje skal ta betalt for å nytta huset. 

– Ein  burde setje ned ei prosjektgruppe som kan finne ut kva slags arrangement ein kan ta betaling for, som ser på organisering og drift av huset. Her skal rådmannen ha mandat, sa Lysne. 

Bita i det sure eple

Trond Einemo, som sit i prosjektgruppa Sunn kommuneøkonomi, seier at det er både positive og negative sider ved å behalda bygget, både for kommunen og for bygdefolket. 

– Det same gjeld mange av dei andre bygga som har vore diskutert. Me er nødt til å bita i det sure eple på dei fleste kommunale anlegga. Det gjeld også samfunnshuset, seier han, samstundes som han var enig i at kommunen burde behalde samfunnshuset. 

– Innbyggjarane kjem til å måtte betale for fleire av dei tenestane me har rundt oss enn det me har måtte gjort tidlegare, men eg trur Borgund er villige til det, seier Lysne. 

 

Til toppen