SPENTE: Niåringane Alma og Marte var spente før kampane byrja på Jotun stadion søndag, der knøtteturneringa til IL Jotun vart gjennomført med glans. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
SPENTE: Niåringane Alma og Marte var spente før kampane byrja på Jotun stadion søndag, der knøtteturneringa til IL Jotun vart gjennomført med glans. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Vil bli fotballproffar

Omlag 300 born vrimla rundt på Jotun stadion søndag, og det vart spelt totalt 92 kampar då knøtteturneringa til IL Jotun gjekk av stabelen i Øvre Årdal. 

Årdal: Det var mange spente ansikt å sjå før kampane byrja på Jotun stadion søndag føremiddag. Porten.no møtte fire spelarar som var klare til kamp og med mål om å ha det kjekt ute på bana. 

– Det kjekkaste er å scora mål, seier Alma Moen Eminovic (9). 

Ho og Marte Vigdal Rudi (9) har begge spelt fotball sidan dei var seks år gamle, og har allereie mange kampar på merittlista. 

– Eg pleier å scora eitt eller to mål på kvar kamp, fortel Marte. 

Jentene fortel at det er enkelte motspelarar dei gruar seg for å møte, men at dei skal tørre å gå inn i ein duell likevel. 

– Me skal prøva å vinna, men me blir ikkje sure og vrange om det ikkje går, seier Alma.

– Kva er dykkar største fotballdraum?

– Å bli fotballproff, seier dei unisont.

Unge dommarar

Jonas Hellebø (9) og Isak Øyre Nundal (8) tok seg også tid til ein prat med Porten.no før kampstart. 

Artikkelen held fram under biletet.

VERDAS BESTE: Jonas (9) og Isak (8) drøymer om å bli verdas beste fotballspelarar.
VERDAS BESTE: Jonas (9) og Isak (8) drøymer om å bli verdas beste fotballspelarar.

– Det blir spennande å sjå kven som vinn, seier Jonas. 

Isak tykkjer ikkje knøtteturneringa er noko å grue seg for, og har fokus på kor viktig det er å ha mange pasningar.

For dei er målet å bli proffe fotballspelarar, og Isak draumer om å bli verdas beste midtbanespelar.

For anledninga nytta arrangørane seg av unge dommarar i alderen 11 til 15 år, og har fått veldig gode tilbakemeldingar på jobben dommarane gjorde ute på banene. Med ei eigen seniorgruppe som var med på rigging i forkant av turneringa, samt hadde ansvaret for parkeringa på søndag, gjekk organiseringa av arrangementet  som ein leik. 

– Det har vore fullt liv i heile dag, og me har hatt bra vêr i tilegg. Me er veldig nøgde, seier Per Kopperdal i Jotun IL. 

Til toppen