VIL BLI ORDFØRAR I NYE SOGNDAL: Kjetil Kvåle (Ap) ønskjer å bli ordførar i Nye Sogndal kommune.
VIL BLI ORDFØRAR I NYE SOGNDAL: Kjetil Kvåle (Ap) ønskjer å bli ordførar i Nye Sogndal kommune. (Foto: Øyvind Nondal)

Vil bli ordførar i Nye Sogndal: – Spanande å forma den nye storkommunen

Kjetil Kvåle melde tysdag at han ville stilla som ordførarkandidat i den nye storkommunen.

Sogndal: Kjetil Kvåle (55) offentleggjorde tysdag at han stiller som ordførarkandidat for nye Sogndal kommune. Det var Sogn Avis som først omtalte saka.

Han fortel til Porten.no at han ser på jobben som ei stor utfordring, og at han tenkte seg godt om før han bestemte seg for å stilla.

– Dersom du først seier ja, veit du jo at det blir mykje å gjera. Men det er jo spanande, for det er artig å vera med å forma den nye storkommunen, seier han. 

Kvåle: – Stor oppgåve

Kvåle er leiar i gruppeleiar for Ap i fellesnemda for nye Sogndal kommune, samt gruppeleiar for kommunestyregruppa i Sogndal. Han har sete i kommunestyret i snart 12 år og er dagleg leiar for Kunnskapsparken. 

Han fortel at han har blitt oppmoda frå fleire hald om å stilla som kandidat. Under sist medlemsmøte i Sogndal Arbeidarparti fekk han mykje støtte. 

– Oppmodinga har kome frå det politiske miljøet og frå vener. 

Det er inga lita oppgåve å slå tre kommunar saman, og skapa ein ny, ifølgje Kvåle. Han meiner det blir avgjerande å skapa tillit mellom politikarane for å få det til. 

– Ein ting er i alle fall sikkert, og det er at ingen av dei gamle kommunane som skal gå igjen, for det er ein heilt ny kommune me skal byggja. Å byggja tillit og samarbeid, slik at me får til å byggja den nye kommunen, det vil bli utfordring nummer ein.

Likevel seier han at det blir enklare:

– Eg er medlem i fellesnemnda, og det blir berre enklare og enklare sidan me etterkvart byrjar å bli kjente med kvarandre. Oss politikarar imellom. 

– Naturleg med konkurranse 

Nominasjonsnemnda, som består av to representantar frå kvar av dei tre kommunane, Leikanger, Balestrand og Sogndal, har førebels invitert fem potensielle kandidatar til samtale. 

Alle fem vart kalla inn til intervju, der dei vart stilt same spørsmål. Kvåle tykkjer det er heilt naturleg at det er konkurranse om stillinga:

– Eg har aldri stilt som ordførarkandidat før,  men eg oppfattar det slik at det hadde vore rart dersom det berre var ein kandidat frå eit så stort parti som Arbeiderpartiet.

– Eg synst det berre er eit godt teikn, for det viser at det er nok kandidatar å ta av, seier han. 

Til toppen