TO ALTERNATIV: Trond Øyen Einemo, gruppeleiar i Høgre, kom med framlegget om å gå grundigare til verks for å sjå om Erdal eller Bermålsviki er best eigna til kai. Han fekk følgje av gruppeleiar i Sp, Gro Starheimsæther, og ordførar Jan Geir Solheim (Sp). Foto: Ole Ramshus Sælthun
TO ALTERNATIV: Trond Øyen Einemo, gruppeleiar i Høgre, kom med framlegget om å gå grundigare til verks for å sjå om Erdal eller Bermålsviki er best eigna til kai. Han fekk følgje av gruppeleiar i Sp, Gro Starheimsæther, og ordførar Jan Geir Solheim (Sp). Foto: Ole Ramshus Sælthun

Vil bruka tid på å finna ut om Erdal eller Bermålsviki er best eigna til kai

Ap og SV ville også ha med Revsnes i dei vidare vurderingane, men det såg ikkje Sp og Høgre noko poeng i.

Lærdal: – Me tykkjer at det har vore hastverksarbeid. Denne saka var ikkje samrøystes i kommunestyret, det var ti-sju. Eg tykkjer det går litt for fort, me treng meir kjøt på beina. Grunneigarar må bli involverte. Me fekk feil start i Håbakken av same grunn, og då kom piggane ut, sa Kåre Mentz Lysne, gruppeleiar i Ap under måndagens formannskapsmøte.

Kva type kai og kvar den skal plasserast var altså saka. Som Porten.no har omtalt tidlegare har ein rapport frå administrasjonen si side konkludert med at tømmerkai med sambruk i Bermålsviki er den mest aktuelle typen kai på den mest aktuelle plassen i Lærdal.

Les også: Her kan det koma tømmerkai

Rådmannen si tilråding til formannskapet var også hovudsakleg å utgreia alternativ til lokalitet av kai i Bermålsviki vidare. Vidare var det poengtert i saksutgreiinga at «Administrasjonen meiner kommunestyret fyrst må gjere vedtak om lokalitet som skal arbeidast vidare med».

– Kan ikkje bestemma lokalitet her og no

Men, formannskapsrepresentantane tok etter tur og orden til orde for å ta eit steg tilbake.

– Me treng synfaring, mellom anna. Me kan ikkje berre bestemma kva kaianlegg me skal ha og kvar det skal liggja her og no, sa Annike Vanberg (SV).

Det var altså politikarane sjølve som kom med eit vedtak i kommunestyret for knappe to månader sidan der den konkluderande setninga i vedtaket vart slik: «Kommunestyret ber vidare om at det blir lagt til rette for oppstart av planarbeid med frist til neste møte i kommunestyret». 

Då var kai eller hamn i Erdal peika på som det mest aktuelle, og i ettertid har altså Bermålsviki kome inn. Rådmann Alf Olsen jr. forklara innleiingsvis under formannskapsmøtet måndag kvifor prosessen sidan førre kommunestyre har vorte som den har vorte – mellom anna med svært opprørte grunneigarar i Bermålsviki.

Les også: Meiner grunneigarane blir altfor seint involverte

TIDSPRESS: Rådmann Alf Olsen jr. forklara at politikarane hadde lagt vel mykje tidspress på administrasjonen i kaisaka.
TIDSPRESS: Rådmann Alf Olsen jr. forklara at politikarane hadde lagt vel mykje tidspress på administrasjonen i kaisaka.

– Me har behov for å områ oss og ha dialog med berørte partar på ein annan måte enn me har fått til her. Denne saka omfattar eigentleg alle som bur ved strandlinja frå Revsnes til årdalsgrensa, og då har me ikkje hatt sjanse til kontakt med alle grunneigarane på ein slik måte som me vil. Det er ikkje noko å gjera med no, men eg seier det til seinare. 

– Vår skuld som politikarar

Trond Øyen Einemo, gruppeleiar i Høgre, kom med framlegget til vedtak som vart ståande under sist kommunestyremøte. Ap sine fem stemmer, SV og Venstre med kvar si gjekk inn for å ikkje starta opp planarbeid for hamn. Høgre sine to og Sp sine åtte stemmer gjekk inn for at det skulle gjerast eit arbeid inn mot kommunestyremøtet 30. mars – komande torsdag – så ein kunne vedta oppstart av planarbeid då.

Les også: Gjekk for industri i Håbakken, utsette oppstart av planarbeid for hamn

Og det arbeidet munna altså ut i ein rapport som konkluderer med tømmerkai med sambruk i Bermålsviki som mest aktuelt.

– Me sat også att litt snurt og såg av rapporten at dette var prematurt. Og me er veldig klare på at det var me som sette fristen – det er vår skuld som politikarar. Administrasjonen har gjort eit kjempearbeid. Og det vart enno meir prematurt då me fekk brevet frå Simas i dag. For, kva er det me skal vedta plassering av, eigentleg? spurde Øyen Einemo

Les også: Simas vurderer tømmerhandtering på kaiområde – vil krevja meir plass

Lysne (Ap) var samd.

– Me sit att med mykje same kjensla; når det gjeld Bermålsviki er det langt på veg einaste skikkelege strandområdet me har i Lærdal. Bermålsviki har mange kvalitetar som bustadområde også, så den sit langt inne for oss.

– Når det gjeld Erdal må må vita meir konkret kva grunneigarane vil der. Dei har hatt nokre prosjekt. Statens Vegvesen har hatt planar om rasteplass på Røyrnes. Og me har faktisk Revsnes. Det er ideell plassering, om ein ser bort frå vegen som går ut der. Men faktum er at vegen var stengt 99 dagar på dei 30 åra ferjekaia var i drift . God regularitet, med andre ord, heldt han fram.

Les også: - At ein vil ofra to nærmiljø for ein fabrikk er uforståeleg

– Er ein grunn til at Revsnes vart lagt ned 

Å trekkja Revsnes opp av hatten tykte ikkje ordførar Jan Geir Solheim hadde noko stort poeng.

– Det er ein grunn til at kaia på Revsnes vart lagt ned. Ved to tilfeller etter Dagmar har bruene reist på sjøen. Å utgreia Revsnes er ikkje realistisk. Eg høyrer at me ikkje klarar å einast om eitt område. Og det er heilt greitt. Men me er einige om at me vil ha kai i Lærdal? Eg har aldri høyrt noko anna.

Ordføraren fekk ikkje høyra noko anna under formannskapsmøtet måndag heller, men Lysne poengterte tidsperspektivet

– Byggjer me eit kaianlegg er det for fleire generasjonar. Det er ikkje noko me bestemmer på ei veke, skal me bli tekne seriøst.

Revsnes ut av dansen att

Formannskapet diskuterte også kor vidt hastverket skuldast planane EcoInowaste og Simas har for pelletsfabrikk i Håbakken, kor vidt ein skal leggja opp til ein forstudie eller eit forprosjekt og kor mykje konsekvensutgreiing av ulike alternativ vil kosta.

Men til slutt enda det med eitt framlegg frå Trond Øyen Einemo (H) og eitt frå Kåre Mentz Lysne (Ap). Dei to framlegga hadde noko ulik ordlyd og noko ulik grunngjeving, men den mest sentrale skilnaden var at Ap sitt framlegg ville ha med både Revsnes, Bermålsviki og Erdal vidare – Høgre berre dei to sistnemnde.

I Høgre sitt framlegg vart det også gjort eit poeng utav at det var komne nye opplysningar frå Simas når det gjeld plass på eller ved kaiområdet fordi selskapet no vurderer å ta sjølve handteringa av tømmeret på kaia i staden for ved fabrikken i Håbakken.

Røystinga enda også med Sp sine to og Høgre si eine stemme for Øyen Einemo sitt framlegg. Vanberg (SV) og Lysne (Ap) stemde for sistnemnde sitt framlegg, men det heldt altså ikkje, og Revsnes var ute av dansen att – i alle fall i denne omgang.

Artikkelen held fram under biletet

TRE MOT TO: Kåre Mentz Lysne (Ap, f.h.) og Annike Vanberg (SV) kom i mindretal mot H og Sp ved Øyen Einemo, Starheimsæther og Solheim.
TRE MOT TO: Kåre Mentz Lysne (Ap, f.h.) og Annike Vanberg (SV) kom i mindretal mot H og Sp ved Øyen Einemo, Starheimsæther og Solheim.

Øyen Einemo kommenterte også følgjande

– Me er veldig for Erdal. Men no må me bruka tida fram mot kommunestyremøtet torsdag, så kan det godt henda det blir endringar der og då.

Gro Starheimsæther (Sp) grunngav Sp sine stemmer slik:

– To områder er mest aktuelle; Erdal og Bermålsviki. Me vil vega dei mot kvarandre. Difor støttar me dette framlegget.

Til toppen