HANS GJESME: Fredag opnar utstillinga «Hans Gjesme og årstidene» ved Sogn kunstsenter i Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun.
HANS GJESME: Fredag opnar utstillinga «Hans Gjesme og årstidene» ved Sogn kunstsenter i Lærdal. Foto: Ole Ramshus Sælthun. (Foto: Ole Ramshus Sælthun)

Vil bruke inntil 1,2 millionar kroner i året på ei heilskapleg satsing på kulturhuset

Arbeidsgruppa meiner kulturhuset i Lærdal bør skiljast ut i eit eige aksjeselskap, som vert hundre prosent eigd av kommunen.

Lærdal: Kva Lærdal kulturhus skal innehalde og korleis huset skal driftast har lenge vore eit spørsmål. Labre besøkstal på Sogn kunstsenter og altfor få besøkande til Villakssenteret, som igjen gir eit dårleg driftsgrunnlag for matserveringa, gjer at det eigentleg berre er kulturaktivitetane som fungerer relativt bra saman med lydstudioet.

Dermed står dei folkevalde føre eit prinsipielt val når dei no skal bestemme korleis kulturhuset skal driftast og organiserast i framtida. Skal det satsast på heile huset, inkludert Villakssenteret og kunstsenteret, eller skal kommunen berre konsentrere seg om kulturelle aktivitetar?

– Biletet er nyansert. Det er delar som fungerer veldig bra, spesielt på kultursida og måten huset vert brukt på. Når det gjeld besøkstala til Sogn kunstsenter, er me like misnøgde med dei som stoftinga Musea i Sogn og Fjordane, kommenterer rådmann Alf Olsen jr.

Val av organisasjonsform, positive aspekt

  • Eit eige selskap med eige styre og dagleg leiar gjev fokus og framdrift på bygg og innhald. Kommunen har gode erfaringar med liknande grep for Okken Kraft og Lærdal Næringsutvikling.
  • Ansvaret for bygget på ein stad frigjev kommunal tid og ressursar nytta på bygget. Kommunale ressursar kan flyttast eller sparast.
  • Kommunen sine finansieringskostnader ved at dei vert fordelte på fleire aktørar.
  • Dei «verkelege» kostnadene for ulike aktivitetar kjem klart fram.
  • Endring skapar utvikling. Endringa i seg sjølv vert viktigare enn kva som vert endra.

(Kjelde: Saksutgreiinga)

– Det utfordrande er at det eigentleg fungerer som eit reisemål om sommaren og kulturhus resten av året. Store delar av arealet vert stengt ned om vinteren, noko me ikkje ønskjer.

1,2 millionar kroner

Basert på eit forstudie gjort av Cubus, ligg det no an til ei heilskapleg satsing på eit opplevingssenter, der ein skil huset ut i eit eige aksjeselskap eigd av kommunen. Dette fordi ingen andre er villige til å gjere eit slik grep akkurat no.

I så fall vil det kosta rundt 1,2 millionar kroner i året dei neste tre åra. Pengane skal hentast frå næringsfondet og vert ikkje tatt direkte frå drifta. Det er Lærdal Næringsutvikling som vil få mynde til å utvikla huset vidare.

OPP TIL KOMMUNEN: Sidan ingen eksterne ser ut til å ha interesse av å løfta kulturhuset, er det opp til kommunen å gjera grep. Uansett løysing, er det kommunen som sit med risikoen, fortel rådmann Alf Olsen jr.
OPP TIL KOMMUNEN: Sidan ingen eksterne ser ut til å ha interesse av å løfta kulturhuset, er det opp til kommunen å gjera grep. Uansett løysing, er det kommunen som sit med risikoen, fortel rådmann Alf Olsen jr. Foto: Truls Grane Sylvarnes

– Alternativet er nok å stenga dørene til Villakssenteret og byggja vidare på den avtalen me har med Sogn kunstsenter og fokusera på kulturaktivitetane. Dei økonomiske vurderingane som er gjort, syner at kostnaden uansett blir omtrent den same for kommunen sidan me sit som eigar av bygget, seier Olsen jr.

Rådmannen peikar på tre forhold som må løysast – forvaltning av bygningsmassen, strukturering av kulturaktivitetane og utviklinga av attraksjonen som skal trekka besøkande. Vurderinga er at uansett løysing, er det kommunen som sit med risikoen. Det som vil løyse dei økonomiske utfordringane er auka besøkstal, og difor må tiltak som rettar seg mot dette prioriterast.

Labre besøkstal for kunstsenteret

Avtalen med kunstsenteret har 22 månader oppseiingsfrist. Etter avtalen yter kommunen 200.000 kroner i driftstilskot. Som Sogn Avis skreiv tidlegare denne veka, har besøkstalet vore labert for kunstsenteret i sommar. Ved utgangen av august hadde 300 vore innom – riktig nok ein auke på 43 prosent frå i fjor.

Administrerande direktør i Musea i Sogn og Fjordane, Kjartan Aa Berge, seier dei i utgangspunktet ønskjer å gjera senteret så tilgjengeleg som mogleg. I dag er det kunsten til lærdalsmålaren Hans Gjesme som er utstilt.

– Me må finna løysingar som gjer at Hans Gjesme får sin rettmessige plass og merksemd. Me er opptatt av at hans bilete skal bli mest mogleg tilgjengeleg, men me erkjenner at det ikkje er spreke besøkstal, seier Berge til Porten.no.

Tar tid

Han meiner besøkstala er greie nok samanlikna med innbyggjartalet i kommunen, men er klar på at plasseringa av kunstsenteret ved ei gjennomfartsåre skulle tilseie større trafikk. Berge er positiv til ei heilskapleg satsing.

– Me har allereie ein dialog med kommunen når det gjeld løysingar. Det tar tid å byggja opp eit museum og publikum, så me er glade for at me får tid til det. Men me innser at me også kunne gjort ting annleis, seier han.

Val av organisasjonsform, negative aspekt

  • Ein kommunal kostnad gjennom husleige som me ikkje har i andre bygg. Med same aktivitetsnivå som i dag, krev dette auka finansiering over dei same budsjetta. Det vil oppstå eit press mot å samle kommunal aktivitet på andre og mindre areal.
  • Kommunal aktivitet som vert flytta til bygget (t.d. biblioteket) vil måtte betale leige, noko dei ikkje har i dag.
  • Erfaring med å ta leige for bruk frå ulike lag og organisasjonar viser at dei finn rimelegare alternativ, med mindre bruk som resultat. Me ønsker det motsette.
  • Som eineeigar sit kommunen med same ansvar og risiko som no. Det vil endre seg om andre aktørar på sikt vert med, men det finst ingen konkrete indikasjonar for ei slik utvikling.
  • Pr. i dag er kommunen ein sterk partnar i tingingar med andre aktørar. Det må vurderast om/korleis eit selskap kan få den same tyngda og kor mykje politisk styring er ønskeleg.

(Kjelde: Saksutgreiinga)

– Er det riktig kommunen skal måtte betala for å halde liv i kunstsenteret?

– Det er eit vanskeleg spørsmål eg ikkje vil svare direkte på fordi det grip inn i prinsippa i styringsmodellen for museum. For å seie det sånn, finansieringsmodellen er ikkje optimal. Samstundes skal me ha dialog om dette konkrete senteret, og eg har lyst å høyre kva kommunen seier før eg seier noko bestemt.

Delte meiningar

Meiningane er delte om kulturhuset. Tanken bak var at dette skulle trekka folk til kommunen som igjen ville leggja att pengar i lokalsamfunnet i tillegg til at det fungerer som ei storstove for kulturaktivitetar.

– Det viktige no er at bygget står der, og då må me bruka det på best mogleg vis til det beste for innbyggjarane og besøkande, avsluttar Olsen jr.

Til toppen