Lærdal: Rådmannen hadde tilrådd at kommunen skulle ta imot ti flyktningar neste år ettersom Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) har bede kommunen redusera vedtaket på 23 for 2017.
Bakgrunnen for at direktoratet har sendt ut denne meldinga er mindre flyktningstraum enn venta. Senterpartiet føreslo likevel ein mellomting; 15 flyktningar i 2017.
– Me har ikkje Frp i Lærdal, og det kan gjerne vedtaka våre syna også
– Me kan ta imot meir enn ti viss det skulle visa seg å bli behov for det. Kva som faktisk blir behovet, veit me jo faktisk ikkje no - sjølv om ein viss minister har sagt det ikkje skal bli auke i tilstrøyming av flyktningar så lenge ho sit der ho sit, sa Kåre Mentz Lysne (Ap).
Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) argumenterte på same vis:
– Det er framleis seksti millionar menneske på flukt i verda. I kommunestyret i Lærdal sit dessutan ikkje Frp, og det kan gjerne vedtaka våre syna også.
Såleis samla kommunestyret seg om å ta i mot 15 flyktningar i 2017, ingen av desse mindreårige.