HAMNEPLANAR: Jan Geir Solheim og Lærdal går med store planar om å byggja ei godshamn i Erdal, som mellom anna kan bli landets største på tømmer. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen.
HAMNEPLANAR: Jan Geir Solheim og Lærdal går med store planar om å byggja ei godshamn i Erdal, som mellom anna kan bli landets største på tømmer. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. (Arkiv)

Vil byggja ei svær hamn i Erdal

Lærdølene siktar høgt og meiner dei kan bli eit av landets viktigaste knutepunkt.

Lærdal: Rundt omkring i landet er kapasiteten sprengt på godshamner, så kvifor ikkje byggja ei hamn i Lærdal?

I omstillingsarbeidet har kommunen kome opp med mange gode prosjekt, men først no har ein byrja å snevre inn. Blant desse prosjekta finn ein hamna. Det var NRK som først omtalte saka.

– Det må vera ein grunn til å satsa på næringsutvikling i Lærdal. Anten må me ha eit spesielt fag me er gode på, eller så er det geografien som bestemmer det. Og det er ingen tvil om at Lærdal ligg geografisk plassert midt i landet med tilknyting til den lengste fjorden og E16 i tillegg til at me ligg midt mellom Oslo og Bergen, seier ordførar Jan Geir Solheim om planane.

Håbakken og hamn

Frå før ligg det allereie i korta at Håbakken skal utnyttast som eit knutepunkt. Der har både personar i næringsutviklinga og politikken vore klare. No ser ein altså på å knyte Håbakken og ei godshamn saman.

I Lærdal Næringsutvikling er det Jan Petter Vadheim som har fått oppgåva med dette prosjektet.

– Me må jobbe systematisk og sjå moglegheitene som ligg i tankane. Me er relativt tidleg i den fasen med å verifisere, seier han.

– Må tenkja stort

Ordføraren supplerer med at i denne fasen er det viktig å tenkja stort og deretter sjå kor ein hamnar – bokstaveleg talt.

– Dette meiner me staten burde vere med på og sjå viktigheita av. Då tenkjer eg på samferdsleministeren og næringsministeren. Me prøver no å løfte dette inn for dei politisk og få det inn i planar som Nasjonal Transportplan og så vidare, seier han og fortel vidare om møtet med næringsminister Monica Mæland (H) i førre veke.

– Eg fekk berre koma kort inn på det og gitt eit A4-notat om prosjekta på Håbakken. Onsdag vart dette løfta for samferdsleministeren, men me har hatt fokus på slikt før, som då ministeren besøkte Håbakken her for ei tid tilbake. No har me kasta fram ideen, og så krevst det systematisk jobbing for å lykkast.

Noregs største hamn for tømmer

Sjølve hamna meiner han kan bli ei av hovudhamnene i Noreg for tømmer. I tillegg kan hamna nyttast til kontainerhamn og stykkgodshamn. Til og med cruisetrafikk er nemnt, men ikkje noko ein først og fremst ser på. 

Det var Sogn og Fjordane Skogeigarlag som først kom med ideen etter stormen «Dagmar». Då vart Refsnes kai nytta til å transportere vekk tømmer. 

– Dette er eit Innovasjons Norge-prosjekt, så me er i forstudiefase. I tillegg har me vore i Gulen og sett på kva dei gjer der. Dessutan har me fått kartlagt havbotnen med 3D-skisser, noko som aldri er gjort før frå Lærdal kai til Erdal. Det er viktig at me kjem i gong med noko, og Lærdal hamn er ein stad å byrje. 

Til toppen