NYTT TILSKOT: Kjøpesenteret på Sjøkanten i Sogndal skal etter planen utvidast med ein ekstra etasje over Jysk.
NYTT TILSKOT: Kjøpesenteret på Sjøkanten i Sogndal skal etter planen utvidast med ein ekstra etasje over Jysk. (Foto: Illustrasjon/Einarsen Eigedom)

Snart får kjøpesenteret i Sogndal ny etasje – kjem i tillegg til gigantplanane rett over gata

Handelsvekst gjer at Sjøkanten kjøpesenter i Sogndal ønskjer å utvida. – Jo fleire butikkar me er, jo betre er det for alle, seier Jan Knut Einarsen, den same mannen som planlegg ein 26.000 kvadratmeter handelspark berre eit steinkast unna.

Sogndal: Årsaka til utvidingsplanane er god vekst i omsetninga på kjøpesenteret Sjøkanten, opplyser Einarsen Eigedom i ei pressemelding. Totalt omsette butikkane varer for 230 millionar kroner i 2017, ein vekst på 6,6 prosent.

HØGBLOKK: Sjøkanten kjøpesenter vart bygt i 2012. No er planen å utvida med ein ekstra etasje butikkar. Foto: Einarsen Eigedom

Det gjer at planane om ein ekstra etasje har skote fart.

–  Det er mange som ønskjer å ha lokale der, så det er store sjansar for at me byggjer ut. Det er berre å få klarsignal frå kommunen, så kan me gå kjapt i gang. Me er eigentleg klare allereie no, seier Jan Knut Einarsen, konsernsjef i Einarsen Gruppen, som opplyser at dei er nær ved å signera kontraktar med fleire kjeder.

Vil bli størst i Sogndal

Han reknar med at investeringa vil kosta rundt 50 millionar. Utvidingsplanane kjem på toppen av handelsparken det same selskapet har tenkt å byggja rett over gata.

– Det er berre for å gjera området enno meir attraktivt. Jo fleire butikkar me er, jo betre er det for alle. Målet vårt er å ha verta det største handelssenteret i Sogndal, større enn AMFI Sogningen. Det er det ikkje tvil om, seier Einarsen. 

Handelsparken skal etter planen innehalda spisestader, daglegvarebutikk og kjedebutikkar. To etasjar blir sett av til kontor, i tillegg skal det koma 100 leiligheiter, med ein felles takhage over butikkane.

Ventar på svar på bensinstasjonklage

HANDELSPARK: Ein stor handelspark er planlagt på stedjesida i Sogndal, der mellom anna Shell, Statens vegvesen, Berge & Co og REMA 1000 held til i dag. Bensinstasjonen må flytta om planane skal bli noko av. Foto: Illustrasjon/Einarsen Eigedom

Det alt står og fell på no er om bensinstasjonen Shell kan flyttast. Politikarane i Sogndal har sagt ja, medan selskapet som leiger lokala har klaga på vedtaket.

– Me har blitt lova eit svar i vår. Viss Fylkesmannen avviser klagen, så er neste prosess å fastsetta kvar bensinstasjonen skal vera. Mest sannsynleg blir det i Nedrehagen ein plass, seier Einarsen.

Han seier dei er klare til å setta i gang, så snart denne siste biten i puslespelet er på plass. Då ser han for seg at det vil gå eitt år før næringsdelen er ferdigbygt, før dei går i gang med bustadbygginga.

– Utpå hausten ein gang skal me vera klare til å byggja, seier Einarsen.

Til toppen