EIGEDOMSUTVIKLING: Byggmakker Andersen planlegg å utvikle seks bueiningar på tomta som gjekk for rekordsummen 4,9 millionar kroner tidlegare i haust på Farnes i Øvre Årdal. Foto: 4B Arkitekter.
EIGEDOMSUTVIKLING: Byggmakker Andersen planlegg å utvikle seks bueiningar på tomta som gjekk for rekordsummen 4,9 millionar kroner tidlegare i haust på Farnes i Øvre Årdal. Foto: 4B Arkitekter. (Foto: Arkitektkontoret 4B)

Vil byggja seks bustader på Endregarden

– Me trur dette er rett, og så vil det vise seg om tida er rett, seier Martin Andersen. 

Øvre Årdal: Han fortel at planane deira er å setja opp seks bueiningar som skal leggjast ut for sal. Tomta ligg på Farnes i Øvre Årdal. 

– Me skal byggja seks einingar, så må me få dette fram og sjå om det er nokon respons. Me må jo få med oss nokon på å byggja og selja, og me kjem ikkje til å setja i gang før me ser at me har interesserte, seier Andersen. 

Planane må godkjennast politisk sidan tomta i utgangspunktet er regulert for fire bueiningar. 

«Funkis-bustader»

Porten.no skreiv om rekordsalet av huset i Storevegen 67 i Øvre Årdal i september. Huset gjekk for 4,9 millionar kroner, 100.000 kroner over prisframlegget. Tomta er på 2,3 mål, noko som var med å pressa prisen opp.

Artikkelen held fram under biletet.

MODERNE: Leiligheitene vil vere moderne og er tenkt til eldre familiar som gjerne vil flytte frå hus og hage til meir lettstelte bustader.
MODERNE: Leiligheitene vil vere moderne og er tenkt til eldre familiar som gjerne vil flytte frå hus og hage til meir lettstelte bustader.

– Me ønskjer å byggja meir moderne bustader med litt preg av «funkis». Me har teikna to utgåver, ein på to og ein på tre etasjar. Bustadane er tenkt til eldre familiar, altså folk i 50-åra og oppover som vil kvitta seg med hus og hage, forklarar Andersen. 

Mange ledige bustader frå før

I Årdal er bustadmarknaden noko folk tar temperaturen på støtt og stadig fordi det ofte speglar samfunnet. Etter ei tid med mange bustader ute for sal, har talet gått kraftig ned. Men framleis er det mange ledige bustader, og då er spørsmålet om det vil løne seg å byggja fleire.

– Eg trur det. Når ein ser på mange av dei som ligg ute, så er det ofte oppussingsobjekt og ligg litt for høgt i pris. Dess finare husa her, dess fortare går dei, og mange som kjøper bustad i dag vil helst ikkje gjera så mykje. 

Han fortel at han allereie har fått førespurnader frå folk som er interesserte. 

Til toppen