SØKNAD: Lærdal kommune skal sende ut søknad om støtte til å byggja ut høghastigheitsbreiband i Erdal. Foto: Arkiv. 
SØKNAD: Lærdal kommune skal sende ut søknad om støtte til å byggja ut høghastigheitsbreiband i Erdal. Foto: Arkiv. 

Vil byggja ut høghastigheitsbreiband i Erdal

Kommune ønskjer å søkja om statleg tilskot til utbygginga av breiband i Lærdal. No skal planen på leggjast ut på høyring. 

Lærdal: Kommunen ønskjer å prioritere Erdal når dei no søkjer om støtte til å byggja ut høghastigheitsbreiband.

 På kommunen sine heimesider skriv dei at eit av krava til søknaden er at planen for utbygging skal vera lagt ut til offentleg høyring i minst ein månad. 

Dårlegast i landet

Kommunen arbeider for at innbyggjarane skal ha eit godt og stabilt tilbod om digital kommunikasjon både gjennom fast- og mobilnett. Det er framleis ein del innbyggjarar som har eit breibandstilbod med låg kapasitet og kvalitet.

I dagens samfunn baserer store deler av tenestetilbodet seg på at innbyggjarar og verksemder har tilgang til internett. Utbyggingsbehovet i mange kommunar er stort. Sogn og Fjordane er det fylket i landet som har dårlegast dekning av høghastigheitsbreiband. 

For å betra situasjonen i Lærdal vil kommunen søkja om finansiering til å byggja ut høghastigheits breiband til innbyggjarar, næringsliv og offentlege institusjonar i område som i dag manglar eit tilfredsstillande tilbod. 

Sei si meining

Regjeringa har gitt "Nasjonal kommunikasjonsmyndighet" (NKOM) i oppgåve å administrera tilskotsordninga. Kommunar og fylkeskommunar kan søkja NKOM om støtte.

Det vert ei utlysing i 2016, og kommunen forventar at ordninga vert forlenga med nye søknadsrundar påfølgjande år.

I samband med søknaden i 2016 vil kommunen invitera bedrifter og innbyggjarar til å koma med innspel.

Verksemder og innbyggjarar som ønskjer å uttala seg til høyringa må gjera dette innan 23. april 2016.

Til toppen