STORE PLANAR: Robert Hansen (biletet) og Odd Tore Moen håpar å skapa tidenes musikalske samarbeid i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
STORE PLANAR: Robert Hansen (biletet) og Odd Tore Moen håpar å skapa tidenes musikalske samarbeid i Årdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Vil dra i gang tidenes musikalske samarbeid

Robert Hansen og Odd Tore Moen siktar høgt. 

Musikkmiljøet i Årdal er noko for seg sjølv i Sogn og Fjordane. Det er få kommunar som kan matcha talet på deltakarar og ikkje minst flinke deltakarar.

Porten.no møter den eine halvdelen av duoen Hansen & Moen, Robert Hansen. Han fryktar at kulturen byrjar å bli utspedd og har difor lagt store planar for musikkmiljøet saman med Odd Tore Moen.

– Me har ein voldsom rik kultur og historie, men eg tykkjer det byrjar å bli litt utspedd. Det er framleis mange flinke folk og mykje aktivtet, og det skal seiast eg ikkje har den same kontakten som då eg var yngre, men dei er usynlege på ein måte, seier Hansen til Porten.no og utdjupar.

– Eg trur ikkje det er færre utøvarar eller at dei ikkje er flinke nok til å visa seg fram, men at det er utspedd i den forstand at dei ikkje har like mange moglegheiter til å få vist seg slik me hadde.

For velorganisert

I Årdal er det fleire gode musikkarrangement i laupet av året, og det er spesielt Påskerocken og Målrocken som gang på gang får oss til å rista på rockefoten.

Også musikkskulen vert ofte drege fram som eit svært velfungerande tilbod.

Likevel saknar duoen det verkeleg store engasjemenet og mangfaldet som har prega bygda gjennom mange år.

– Eg tenkjer då på eit levande miljø med enkeltpersonar som dannar ein stamme. No føler eg at mykje blir bore fram av kulturskulen, som gjer ein kjempejobb. Det er organisert, men kanskje litt vel organisert, seier Hansen.

Tidenes musikalske samarbeid

Han fortel at han veit det er mange talentfulle folk som driv med noko innanfor musikk i bygda og at potensialet er så mykje større enn det ser ut til i dag.

Og det er her tidenes musikalske samarbeid kjem inn i biletet.

– Me må setja oss grundig inn i kven som er aktive og senda ut invitasjonar i alle miljøa, og så får folk koma tilbake og seia om dei vil vera med. 

– Då er intensjonen at så mange som mogleg skal få presentera kva dei driv med, men samstundes er dette for folk som er seriøse og verkeleg vil noko. Det er ikkje berre å humpa fram i låt og seia at ein vil vera med. Det er viktig for oss at konserten held eit høgt nivå, held han fram. 

Her er grensene utviska, og målet er eit fyrverkeri av ein konsert på tvers av alder og sjanger, som ein viser fram for bygda, fylket, ja, til og med landet.

Vil skapa aktivtet

Resultatet håpar han skal spegla kva som gøymer seg i skuggane i Årdal samstundes som ein genererer aktivitet og får marknadsført musikklivet i bygda.

– Eg håpar resultatet blir ein vanvittig bra konsert først og fremst, men også at ein skapar eit band mellom folk og dannar eit grunnlag. 

– Ein har ikkje like mange scener å spela på i Årdal i dag som før, men det er opp til folk sjøve også. Alle kan leiga samfunnshuset og konstruera ein konsert. 

– Du har Målrock og Påskerock og flotte arrangement, men det blir litt statisk viss det berre er det. Ein kan ha alternative ting som skjer til andre tider av året også. Å ha ein slik plattform, som eg trur dette vil gi, kan gjera at folk rett og slett arrangera hendingar sjølve for at folk skal koma ut og ha det festleg ilag, håpar Hansen.

– All respekt til Hugin og kulturskulen og dei som driv med musikk i litt organiserte former, men eg føler at ein treng ein aktør til som er litt annleis enn det.

Kva synest du om planane til Hansen og Moen? Sei di meining i kommentarfeltet under.

Til toppen