DIALOG: Fylkesordførar Jenny Følling ynskjer å kome i dialog med den nye politimeistaren for å drøfte utviklinga av distrikt Vest. Foto: Arkiv.
DIALOG: Fylkesordførar Jenny Følling ynskjer å kome i dialog med den nye politimeistaren for å drøfte utviklinga av distrikt Vest. Foto: Arkiv.

Vil drøfte utviklinga av politidistriktet

Fylkesordføraren vil drøfte politireform og naudmeldeteneste med Kaare Songstad, politimeisteren i det nye distrikt Vest.

I november vart Kaare Songstad utnemnt til politimeister i distrikt Vest, eit av dei nye, større politidistrikta i landet, og får dermed ansvar for politiet i Hordaland og Sogn og Fjordane. Songstad tek til i stillinga 1. januar og fylkesordføraren ynskjer eit møte tidleg i det nye året, kjem det fram av ei pressemelding frå fylkeskommunen.

I fellesskap

Fylkesordførar Jenny Følling har sendt eit brev til Songstad der ho ber om eit møte for å diskutere korleis ein i fellesskap kan utvikle politidistriktet. Fylkesordføraren ynskjer også å drøfte innspelet til nettvevd, virtuell naudmeldeteneste som er sendt til Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen.

Det er sterkt engasjement knytt til politireforma i Sogn og Fjordane. Etter at reforma vart vedteken gjorde fylkestinget eit vedtak der dei peiker på gode erfaringar og tillitsforhold som er skapt mellom politiet og dei andre etatane med beredskapsansvar her i fylket. Dette forholdet er og nemnt i sjølve reforma.

Til toppen