KLAR: Øyvind Åsarmoen Møller, fagleg ungdomssekretær i LO Sogn og Fjordane, er klar til å få folk og særskild undom, til å stemma under det føreståande stortingsvalet.
KLAR: Øyvind Åsarmoen Møller, fagleg ungdomssekretær i LO Sogn og Fjordane, er klar til å få folk og særskild undom, til å stemma under det føreståande stortingsvalet. (Bilde: )

Stortingsvalet 2017

– Vil du ikkje stemma, kan du ikkje klaga

For første gong skal LO rulla ut i Sogn og Fjordane for å oppmoda folk til å bruke stemmeretten sin. 

Sogn og Fjordane: – Me har lyst til å treffa ungdommen der dei er. Spesielt viktig er det kanskje å treffa på dei som skal bruka stemma si for første gong. Våre erfaringar er at folk ønskjer å bruka stemmeretten sin, men at nokre er litt usikre på korleis det heile skal gå føre seg. Då trur me det er viktig at dei får møtt på fleire enn dei som står med dei politiske telta i valkampen, seier Øyvind Åsarmoen Møller, fagleg ungdomssekretær i LO Sogn og Fjordane, i ei pressemelding

Dei kallar det stemmerettspatrulje, og bodskapen er klar:

– Sjølv om det ikkje alltid er like enkelt å sjå kva dei store skiljelinjene er, så må me hugsa at det handlar om kvardagen vår, og ikkje minst kvardagen til dei som me bryr oss om. For nokre er det tøft å kom< inn på både arbeids- og bustadmarknaden. Me har besteforeldre som fortener kvalitet i alderdomen. Ikkje minst må me få fleire gjennom studieløpet uansett om dei går allmen- eller yrkesfag. Enkelt og greitt: Det har noko å seia kven som styrer landet, seier Åsarmoen Møller.

Han trur det er vanskeleg å finna nokon som meiner det same som ein sjølv i alle spørsmål.

– Så då blir det viktigaste å finna eit politisk parti som står innanfor dei viktigaste sakene dine. Om eg skal snakka rett frå levra, så bør du ikkje kome i etterkant om du ikkje har brukt stemmeretten din, for då har du i praksis gitt frå deg stemma di til naboen din. Vil du ikkje stemma, kan du ikkje klaga.

Til toppen