FARDALEN SKISENTER: Flotte turløyper og open skihytte i påsken. Foto: Kaja Nygård
FARDALEN SKISENTER: Flotte turløyper og open skihytte i påsken. Foto: Kaja Nygård

Vil du til fjells?

Om du vil til fjells i påsken er moglegheitane mange. Både Fardalen, Seimsåsen og Kvamme skisenter kan melde om milevis med skiløyper klare for påsketuristane.

Årdal/Lærdal: Våren er komen både i Årdal og Lærdal. Snøen er vekke, og vårsysler som feiing og rake fram att blomsterløkane frå i fjor, er på gang. Mange har tatt fram att hagemøblane, og håpar på ein solrik påske. Sitte ute, gjerne med ei bok, ein lenge har hatt på vent.

Mange forbinder likevel påsken med fjellet, skiturar med appelsin og kvikklunsj i sekken. Ynskje om sol som skin utover snøkledde fjell, står høgt på lista, også for påsketuristane i fjellet.

For dei som vil til fjells er skimoglegheitane mange. Både Fardalen, Seimsåsen og Kvamme skisenter melder om fine skiløyper klare for innrykk. Sjekk ut deira heimesider, iløpet av påsken blir der også skirenn.

Vil du køyre slalom eller brett, kan Filefjell skisenter vere eit godt alternativ. Det er fine forhold i bakken.

Fardalen Skisenter

I Fardalen er det fine skiløyper for dei som ynskjer å gå seg ein skitur. Du kan sjølv velje om du vil ta deg ein tur i lysløypa, eller legge ut på ein lenger tur mot Murane. 

Akebakken rett ved skihytta er fin å boltre seg i, for både liten og stor. Alt ligg til rette for fine påskedagar i Fardalen. Vil du gå til fots, så er det ein fin tur å gå frå Øvre Årdal og opp til skihytta. Kjøpe seg noko å drikke og ete, før ein vender heim. 

Skihytta i Fardalen er open i palmehelga, samt frå skjærtorsdag og utover. Då kan ein få kjøpt seg noko godt i kiosksalet i skihytta.

Seimsåsen skisenter

Også på Seimsåsen skisenter er det flotte skiløyper for liten og stor. Du kan gå deg ein skitur omkransa av flott natur. Skituren til Paradisjuvet er populær blant skigåarane. Denne løypa er på 10 kilometer tur/retur. I tillegg er det scooterløyper til Bjødnaholten.

Både skihytta og grillhytta er open i påsken, der kan ein sette seg ned etter ein skitur, for å nyte god mat.  Det er kiosksal i skihytta, og i grillhytta kan ein grille.  

Artikkelen held fram under biletet

SEIMSÅSEN SKISENTER: Det er lys i løypene, så skituren kan også takast etter middag.
SEIMSÅSEN SKISENTER: Det er lys i løypene, så skituren kan også takast etter middag.

Kvamme skisenter 

På Kvamme i Lærdal er det flotte forhold for ein skitur.  Ta med deg noko godt i sekken, og bruk dagen saman med familie og venner. 

FILEFJELL SKISENTER: Det er gode forhold i bakken om du vil køyre slalom eller brett. Sjekk ut deira heimeside for andre aktivitetar der i påsken.  
FILEFJELL SKISENTER: Det er gode forhold i bakken om du vil køyre slalom eller brett. Sjekk ut deira heimeside for andre aktivitetar der i påsken.  
Til toppen