SKAL SJÅ PÅ RUTINAR: Magnhild Aspevik leiar det nye prosjektet som Lærdal kommune no startar opp, der dei skal sjå nærare på sakshandsamingsrutinar og saksflyt. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
SKAL SJÅ PÅ RUTINAR: Magnhild Aspevik leiar det nye prosjektet som Lærdal kommune no startar opp, der dei skal sjå nærare på sakshandsamingsrutinar og saksflyt. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Vil etablera smidigare samarbeid mellom kommune og næringsliv

Difor har Lærdal kommune saman med Lærdal Næringsutvikling starta opp eit prosjekt der ein ser nærare på rutinar og flyt rundt sakshandsaming.

Lærdal: Prosjektet er ein del av omstillingsarbeidet som kommunen går gjennom, og det har tidlegare vore ulike prosjekt og forstudium som har leia fram til dette hovudprosjektet.

Magnhild Aspevik er prosjektleiar. Ho fortel at målet er å etablera betre og smidigare samarbeid mellom kommunar og næringsliv. 

– I eit forstudium der mange vart intervjua vart det avdekka ein del ting som kunne bli betre. Det skal me jobba med. Det handlar til dømes om handtering av dokument i kommunen, som søknadar og byggjeløyve. Her skal me prøva å gjera det litt betre, seier ho.

Det kom signal frå næringslivet om det var for lang ventetid på saker mellom anna.

– Me har kome fram til at me ønskjer å jobba vidare med dette, der heile organisasjonen er med. Alt er sett i ein samanheng. Barnehagane er kanskje ikkje ein del av næringslivet, men det handlar om korleis samfunnet fungerer, at det er barnehagedekning og trygt og så vidare. Difor ser me på heile organisasjonen.

No skal det brukast ein del ressursar på dette fram til jul, forklarar Aspevik vidare. Dette er ressursar som ikkje kommunen får tilført, så ho håpar at dei sit att med eit resultat i form av ein arkivplan til slutt.

– Resultatet for prosjektet er å innføra rutinar og system og betre forståing for roller, som bidreg til meir positiv næringsutvikling. I løpet av prosjektperioden er det tre delmål som går på rutinar for sakshandsaming, implementerting og der ein endar opp med ein arkivplan. 

Til toppen