LÆRDALSELVI: Ei av elvane som ligg Fisketv.no sender frå, er Lærdalselvi. Illustrasjonsfoto
LÆRDALSELVI: Ei av elvane som ligg Fisketv.no sender frå, er Lærdalselvi. Illustrasjonsfoto

Vil få folk til å betale for å sjå laks minutt for minutt

Filmprodusent Lars Erik Ørgersen trur det er mogleg å tene pengar på direktesendt sakte-TV frå lakseelver. No har han investert to millionar i prosjektet.

Lærdal/Aurland: – Sportsfiske er verdas største hobby. Det finst 150.000 laksefiskarar berre i Skandinavia. Dette er ein nisje og ein lidenskap som kan kommersialiserast og gjerast meir forretning på, seier FiskeTV.no -reporter Lars Erik Ørgersen til Bergens Tidende.

No har han investert to millionar i sakte-TV frå lakseelver, både under og over vatn. Via Facebook og LakseTV.no viser Ørgersen laksefiske minutt for minutt til 10.000 gratisabonnentar, to av elvane som ligg inne er Lærdalselvi og Nærøydalselva.

Ny teknologi med breibandutbygging i heile landet, gjer at ein ikkje lenger treng ein eigen TV-kanal for å få sendingar på lufta. Løysinga er å streame på nettet.

Ved sida av Ørgersen si eiga rapportering og liveopptak, er seks kamera under vatn sett ut i forskjellige vassdrag som følgjer livet i elva frå minutt til minutt. Ein kan følgje gyting liv og sjå når laksen kjem opp i elva.

– Vi ser at stadig fleire søkjer alternativ til tradisjonell TV. Folk vil sjølv bestemme når dei skal sjå på TV og kva dei skal sjå. Mange søkjer på YouTube etter sine interesser, og det er her FiskeTV.no har moglegheita, meiner Ørgersen.

Han viser til at det kvart år kjem 425.000 fisketuristar til Noreg, og at det i Noreg finst 60.000 laksefiskarar.

Til toppen