VIKTIG: Stortingsrepresentant for Senterpartiet Liv Signe Navarsete meiner det fell på sin eigen urimelegheit å lata rv. 5 frå Håbakken til Jølster via Sogndal stå uutbetra når rv. 52 Hemsedalsfjellet skal vera hovudveg for tungtransport. Arkivfoto
VIKTIG: Stortingsrepresentant for Senterpartiet Liv Signe Navarsete meiner det fell på sin eigen urimelegheit å lata rv. 5 frå Håbakken til Jølster via Sogndal stå uutbetra når rv. 52 Hemsedalsfjellet skal vera hovudveg for tungtransport. Arkivfoto

Vil få i gang utbetring av strekninga mellom Håbakken og Skei

Senterpartiet meiner det er heilt avgjerande at rv. 5 frå Håbakken gjennom Sogndal og vidare til Jølster blir utbetra når rv. 52 skal vera hovudveg for tungtransport

Lærdal/Sogndal: – Når regjeringa har sagt at Hemsedalsfjellet skal vera hovudveg for næringstransport vil den truleg bli så god at det kjem til å køyra mykje personbilar der også. Koplinga mot riksveg 5 nordover er det som gjer rikseveg 52 over Hemsedalsfjellet verkeleg viktig. Då må ein få vekk flaskehalsane her, seier stortingsrepresentant for Sp, Liv Signe Navarsete.

Les også: Hemsedalsfjellet skal vera hovudveg for næringstransport

Stortinget sin transportkomite la måndag fram si innstilling til Nasjonal transportplan. Av framlegget kjem det fram at Senterpartiet vil få inn vesentleg fleire vegprosjekt i Sogn og Fjordane, mellom anna at ein går inn for at Vegvesenet startar ei konsekvensutgreiing for rv. 5 Håbakken - Skei.

Vil helst også ha med brua Fodnes - Mannheller

– Det er fleire flaskehalsar her; vegen mellom Kaupanger og Sogndal er svingete, det må koma ei løysing for trafikken gjennom sjølve Sogndal og ei bru over Sognefjorden frå Fodnes til Mannheller vil binda saman fylket på ein heilt annan måte. Brua er ikkje det viktigaste, det viktigaste er desse vegstykkja, men ein bør ha brua med seg på sikt. Og me manglar ein tunnel på E16 på Ljøsne i Lærdal også. 

Les også: Sogndalsordføraren: – Brua må koma ei gong

Les også: – Vegvalet kan framskunda tunnelen her

Likevel; som kjent er det regjeringa og støttepartia som har fleirtal, så at Senterpartiet sitt framlegg til NTP-en går gjennom i  Stortinget komande veke skal noko til.

– Regjerings- og støttepartia har i alle fall ikkje rikka seg i komiteen. Det viktig er at me, Ap og SV står saman her. For me har jo ambisjonar om at det skal bli ny regjering frå hausten av. Og står me samla no, vil det bli mindre intern kjemping i ei eventuelt ny regjering rundt desse sakene. 

Til toppen