Vil få skulemusikken til å blomstra 

Vil få skulemusikken til å blomstra 

I helga kjem årdølene til å sjå ungar og ungdomar vandra litt rundt i gatene i Øvre Årdal berande på eit instrument. 

Fleire skulekorps frå Indre Sogn skal nemleg ha ei felles øvingshelg med kjende "The Brazz Brothers", som skal munna ut i ein storkonsert der alle er velkomne som publikum i Kulturhuset i Øvre søndag.

Det er Farnes skulemusikk som står for arrangementet, og i tillegg til eigne musikantar derifrå, kjem det unge skulemusikantar frå Årdalstangen Skulemusikk, Kaupanger Skuleungdomskorps, Leikanger Skulemusikk og Sogndal Skulemusikk.

DIRIGENT: Sygin Øren er dirigent for Farnes Skulemusikk, og heile gjengen lovar storkonsert i Kulturhust i Øvre søndag ettermiddag.
DIRIGENT: Sygin Øren er dirigent for Farnes Skulemusikk, og heile gjengen lovar storkonsert i Kulturhust i Øvre søndag ettermiddag.

Skulemusikk-seminar

– Me kallar denne helga eit Skulemusikk-seminar, der korpsa saman skal spela med vekjende "The Brazz Brothers". Desse skal stå for øvingane og vera instruktørar for dei unge, fortel dirigent Sigyn Øren til Porten.no 

Det er landskjend at skulekorps slit med rekrutteringa, og dette arrangementet er eit ledd i at dei unge no skal få ein aldri så liten "energiboost", eit ledd i å fri til dei unge på for å finna korpsmusikk både moro og interessant att.

Til saman blir det 80 unge musikantar  i alderen 10 til 17 år på seminaret i Øvre Årdal i helga. Alle desse skal overnatta på Farnes skule. Laurdag kveld skal gjengen samlast til eit festleg sosialt samvere på Årdal vidaregåande skule.

Full fres i lag med "The Brazz Brothers"

Alle øvingane finn stad i Kulturhuset i Øvre, då altså saman med "The Brazz Brohters". Denne gruppa vart danna i 1981, og er med åra blitt ein reisande musikkinstitusjon i jazz som er kjend for sine improvisasjonskunstar. Gruppa kjem opprinneleg frå Langevåg på øya Sula utanfor Ålesund.

"The Brazz Brothers" består av Jan Magne Førde (trompet/flygelhorn), Kåre Nymark (trompet/flygelhorn), Runar Tajord (valthorn), Helge Førde (trombone), Stein Erik Tafjord (tuba) og Kenneth Ekrones (trommer). 

Farnes Skulemusikk står for arrangementet

Det er styret i Farnes skulemusikk som står ansvarlege for seminaret i helga, og styret er satt saman av Karin Gikling (leiar), Marianne Låksrud, Jan Øren, Janne Jevnaker, Håvard Nilsen og dirigent Sigyn Øren.

– I dag er 25 skulemusikantar i Farnes skulemusikk som øver èin gong i veka, og me har eit godt miljø. Det er ikkje akkurat få, men me håpar sjølvsagt enda fleire blir med etter å sett konserten søndag. Og me er ganske sikre på at dei andre musikklaga som er med  på seminaret, håpar på betre rekruttering dei også, seier Øren.

Artikkelen held fram under biletet.

GLEDAR SEG: Aina Hellebø og Sofie Moen er blant dei mange une korpsmusikantane som gledar seg til helga, og ikkje minst til fulle hus i Kulturhuset
GLEDAR SEG: Aina Hellebø og Sofie Moen er blant dei mange une korpsmusikantane som gledar seg til helga, og ikkje minst til fulle hus i Kulturhuset

Håpar mange tek turen

Uansett, Farnes skulemusikk håpar at mange tek turen til Kulturhuset i Øvre søndag ettermiddag for å sjå 80 musikkaspirantar i aksjon saman med "The Brazz Brothers".

– Konserten varar i om lag 75 minuttar, og me er temmeleg sikre på at dette blir knallbra, smiler Øren.

 

Til toppen