Vil få ungar til å eta meir sjømat

Vil få ungar til å eta meir sjømat

Gjennom det nasjonale kosthaldsprogrammet Fiskesprell ønskjer ein å få fleire ungar til å eta sjømat.

Onsdag var fleire tilsette ved barnehagane i Lærdal, SFO og representantar frå Bornas Turlag samla på Lærdalsøyri skule for å lære meir om korleis ein lagar god og tiltrekkande mat av sjømat.

LÆRAR: Gry Tokvam gir deltakarane gode tips som dei kan ta med seg i matlaginga.
LÆRAR: Gry Tokvam gir deltakarane gode tips som dei kan ta med seg i matlaginga.

– Dette er eit utematkurs med fokus på mat og matallergi. Førre onsdag hadde me teoridelen, og då snakka me om matallergiar. Dei rettane me har utvikla er med tanke på at alle kan eta dei. Det er noko med dei som er i barnehagane at dei et eit felles måltid, og at ikkje ein av ungane skal ha noko eige, seier Gry Tokvam som leiar programmet.

Næringsrik mat

Sidan 2008 har ho reist rundt på barnehagar i fylket og gitt tilsette opplæring. Medan intervjuet pågår er deltakarane i full sving på kjøkkenet med å filetrere fisk, kutte grønsaker og gjere i stand til grilling på bål.

– Her skal dei få idear til å laga enkle rettar ute som er næringsrike, fulle av fisk og grønnsaker og masse fargar. Når dei skal gjera dette i barnehagane, er tanken at dei skal gjera det ilag med ungane, og då er det mykje læring i motorikk, held Tokvam fram.

Delikat presentasjon av maten

FULL SVING: Deltakarane var delt inn i grupper og samarbeida om å laga ulike sjømatrettar.
FULL SVING: Deltakarane var delt inn i grupper og samarbeida om å laga ulike sjømatrettar.

Hovudmålet med prosjektet er at born og ungdom skal få meir fisk i kosthaldet sitt fordi det er så mykje næringsstoffar i seg som ein ikkje finn i andre. 

Tradisjonelt sett er ikkje sjømat det mest populære blant born og unge, men det vil ein endre på med dette programmet.

– Det handlar litt om korleis ein framstiller maten. Når eg seier at me skal ha fisk til middag, så ser ungane føre seg ein utkokt kvit torsk med poteter og gulrøtter. Det handlar ikkje om det, men gode rettar saman med gode grønsaker og masse fargar.

Ringverknader

– Når ungane er med og lagar sjølve, synest dei det er kjempegodt. Mange ungar seier dei ikkje likar fisk, men dei likar fiskepinnar og fiskebollar. Dette er noko som henger litt att, trur eg. Det er mykje som sit i hovudet og går på haldningar, fortel Tokvam.

Ho håpar at ungar som får servert god og smakfull mat vil lata seg inspirerer slik at det får rinverknader tilbake att i heimen. 

Til toppen