BRUK HUE: Det er bodskapen Ole R. Vestøyl og Andreas Julius Skjelbred prøver å formidla til norsk ungdom når dei ferdast på Internett. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
BRUK HUE: Det er bodskapen Ole R. Vestøyl og Andreas Julius Skjelbred prøver å formidla til norsk ungdom når dei ferdast på Internett. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Vil få ungdommen til å bruka hovudet

Torsdag var 7. til 10. steg ved Farnes skule på samling i kulturhuset, der målet var å få ungdommen til bruka hovudet når dei ferdast på Internett

Det er ingen tvil om at dagens teknologi bidreg til å gjera livet enklare. Med smarttelefonar kan ein sjekka kva som går på fjernsyn, kva som har skjedd ute i verda, sosialisera seg med andre eller sjå ein film.

Men Internett byr også på utfordringar, spesielt blant barn og unge. Når ein kommuniserer via tastaturet er det for mange lettare å seia ting ein aldri ville sagt ansikt til ansikt. 

Ole R. Vestøyl og Andreas Julius Skjelbred frå «Bruk hue»-kampanjen ville difor fortelja elevane korleis ein skal oppføre seg på nettet og at alt ein gjer vil ha konsekvensar.

– Det starta med landsgranskingar, som viste at det er mykje digital mobbing i Noreg. Anders og eg reiser rundt og sprer bodskapen om nettvet og konsekvensar av feil bruk.

Artikkelen held fram under biletet.

VIL SLÅ NED PÅ MOBBING: Kampanjen «Bruk hue» formidlar blant anna at det er gale å mobba via Internett.
VIL SLÅ NED PÅ MOBBING: Kampanjen «Bruk hue» formidlar blant anna at det er gale å mobba via Internett.

– I den siste landsgranskinga som blei offentleggjort i september, så svarar om lag 65 000 ungdommar i Noreg at dei opplever mobbing på kroppen, seier Vestøyl til porten.no.

Framtida

På samlinga i kulturhuset blei elevane synt filmar, som viste korleis nettmobbing fungerte i praksis. Undervegs blei elevane inkludert til å svara kva dei ville gjort i tilsvarande situasjon og dermed gjort bevisste på kva konsekvensar det ein gjer på nettet har.

– Det er jo framtida. Dei som trur dei er mest anonyme på nettet er ungdomsskuleelevar. Det er viktig at dei blir gjort merksemde på at det løner seg å snakka med vaksne om dette og at dei kan gå til andre enn foreldre, legg Skjelbred til.

Ber foreldre involvera seg

Sidan starten av prosjektet i 2009 har over 150 000 elevar fått meir kunnskap om digital mobbing. Foreldrene kan også spela ei rolla for at få slutt på problemet.

– Det beste foreldre kan gjera er å involvera seg, prøva å læra og forstå korleis dette fungerer og følgja ungane opp på nettet. Sjølve livet for mange unge er på nettet, seier Vestøyl.

Artikkelen held fram under biletet.

LYTTAR: Ungdommane fulgte nøye med då Vestøyl snakka til dei om mobbing på nett.
LYTTAR: Ungdommane fulgte nøye med då Vestøyl snakka til dei om mobbing på nett.

– Det må ikkje vera ein arena der me vaksne er framande og ikkje skjønnar noko av. Me må prøva å vera der dei er så godt me klarar, seier han før Skjelbred skyter inn at 70 prosent av all kommunikasjon blant unge er digital.

Viktig med opplæring

Aldergrensa for når ein får sin første mobil eller nettbrett kryper stadig nedover. I Noreg er gjennomsnittsalderen på ungar som får sin første mobil ni år.

– Facebook har sin aldersgrense på 13 år, men me veit at 33 prosent av alle ni- til tolv-åringar er på Facebook, så det er mykje takka vera oss foreldre som har vore slepphendte og gitt dei tilgang.

– Eg trur at uansett når dei får dette, så er det opplæringa den dagen dei får sin første mobiltelefon som er viktig, seier Vestøyl.

– Det siste no er at fleire og fleire optikarar ropar varsko på augo til barn fordi dei får nettbrett når dei er tre år. Det er jo den nye barnevakta, legg Skjelbred til.

Alvorlege konsekvensar

Skulle mobbing skje, bør ein vera klar over at dette kan få alvorlege konsekvensar. I videoane elevane blei vist var det fleire lovbrot, blant anna at bilete blei lagt ut på facebook utan samtykke, at det blei logga inn på Facebook-profilar som ikkje var din eigen og at det som kanskje var meint som spøk på ein tekstmelding, kunne tolkast som ein drapstrussel.

– Det er mange som trur at mykje dei gjer er ulovleg, så det er mange som blir overraska når dei får bøter av å skriva fæle ting på nettet, byrjar Vestøyl.

«Facerape» er eit døme på kva identitetstjuveri. Dette fenomenet var veldig populært ein periode og gjekk ut på at ein handla på Facebook-profilen til andre som kanskje hadde gløymt å logga av.

– Facerape er straffbart. Det er blitt gitt bot på 4000 kroner på ein Facerape. Det er det mange som ikkje er klare over, held han fram.

Effekten av slike samlingar er god, skal ein tru dei som står bak kampanjen. Ifølgje dei seier tre av fire unge at dei står betre rusta til å handtera digital mobbing etter å ha vore med på samlinga, medan ni av ti foreldre svarar det same.

Dersom du vil læra meir om dette, er det samling for foreldre i kulturhuset i Øvre Årdal klokka 18.00 i dag (torsdag)

Til toppen