Årdal: Jan B. Paulsen var ein del av arbeidsutvalet som vart nedsett i 1972. Mot alle odds, og med ein enorm støtte frå lokalbefolkninga, greidde dei til slutt å realisere den 4,8 kilometer lange vegen frå Skåri og fram til Vetti.
– Når eg tenkjer på det no, hadde dette aldri vore mogleg i dag. Det høyrest nesten ut som ei røvarhistorie, seier Paulsen.

Han er i gang med planleggjinga av 40-årsjubileet. Han har allereie hatt kontakt med ordførar i kommunen og vidare andre som kan bidra til at Folkevegen får den markeringa han fortener.
Vil ha friluftsdronninga til Årdal
Då hadde det vore spesielt stas dersom markeringa fekk kongeleg besøk – helst av friluftsdronninga nummer éin.
– Då me var inne i sluttfasen av bygginga av vegen, fekk me tips om at kronprinsesse Sonja var på tur i Jotunheimen. I 1976 kom ho og turfølgjet hennar ned Fleskedalen, gjekk anleggsvegen, før dei vart henta i bil, fortel Paulsen.
– Eg ringte til Skaugum for å høyre korleis turen hadde vore. Eg fekk ikkje snakka med ho, men adjutanten eg snakka med kunne fortelje at ho tykte det var ei mektig og imponerande oppleving.
For farleg i 1977
Nettopp difor håpar Paulsen no at han får eit ja frå kongehuset i motsetnad til i 1976 då han prøvde å få kong Olav til bygda. Kongehuset tykte det var interessant og spennande, men takka til slutt nei fordi det rett og slett var for stor risiko å frakte kongeparet i hest og kjerre på vegen.
Då 30-årsjubileumet vart markert i 2007, var Liv Signe Navarsete, dåverande samferdsleminister, gjest. Paulsen tenkjer det er naturleg å invitere noverande minister Ketil Solvik-Olsen til Årdal under 40-årsmarkeringa.
Artikkelen held fram under biletet.

– Eg er slik av natur at eg skrotar ikkje ein idé før eg har sjekka. Anten får du nei, eller så får du ja, seier han og er ikkje i tvil om at dersom ein statsråd eller ei dronning kom besøk, ville det ha løfta markeringa til ei riksnyheit.
50.000 dugnadstimar
Ideane er no sendt over til dei aktuelle personane i Årdal, mellom anna ordføraren. Ein ting er Paulsen iallfall klar på. Han ønskjer ikkje at markeringa skal samanblandast med andre arrangement. Sett vekk i frå det, ser han føre seg ein blåkopi av markeringa i 2007 med korps, talar og folkemarsj for den som vil.
Artikkelen held fram under biletet.

Fem år og 50.000 dugnadstimar frå 1500 årdøler måtte til for å realisere prosjektet på 70-talet – for ikkje å snakke om alle gåvene frå bedrifter. Den 19. juni 1977 vart vegen opna av tidlegare industriminister og fylkesmann Ingvald Ulveseth. Heile 1250 menneske deltok på markeringa.
«Menneskerulling»
Historiane er det flust av, som då Paulsen sjølv trappa opp i Miljødepartementet og bad om støtte til prosjektet. 20 personar frå administrasjonen møtte han, men dei var skeptiske til om dette prosjektet kvalifiserte til støtte frå deira departementet.
– Eg sa at me kalla det for ein naturveg fordi det skulle vera for gåande og syklande. Dei meinte det var på grensa til det dei kunne gi pengar til. «Viss det er på grensa, og ikkje over, då får eg vel pengar?» svarte eg. Me fekk 80.000 kroner, smiler han.

I reine pengar kosta prosjektet 290.000 kroner. Då kommunen fekk det overlevert, fulgte ei bankbok på 140.000 kroner. Dei som ikkje var i stand til å drive fysisk arbeid, samla inn pengar.
– For å få folk med var arbeidsutvalet klare på at me måtte gå først i felten. Det var der me var praktisk talt heile tida. Etter kvart kom folk og vart med. Me hadde noko me kalla for «menneskerulling». Vegen var delt opp i soner, så når dei kom, fekk dei tildelt ei sone.
Viktig funksjon i reiselivssatsinga
Vanskelegheitsgraden på arbeidet var enorm. Å gå vegen i dag er dramatisk nok i seg sjølv. Då kan ein berre tenkja seg korleis det var å byggja han.
Det er ingen tvil om at dei var framsynte. I dag vil vegen ha ein sentral plass i reiselivssatsinga som kommunen no er inne i.
– Det var tre berebjelkar i prosjektet. Det eine var at det skulle vere ein veg for dei som budde i Vetti. Det andre var å skaffe lettare adkomst for turistane til Jotunheimen frå vest, og det tredje var å gjere Vetti meir tilgjengeleg for årdølene.