DRØFTA KLIMAPROBLEM: Ungdommane Egil Natvik Vestrheim frå Lærdal, Otelie Tenden frå Stryn og Oddbjørn Litlabø frå Sogndal var nokre av dei som deltok på den internasjonale klimakonferansen som vart arrangert i Sogndal denne veka.
DRØFTA KLIMAPROBLEM: Ungdommane Egil Natvik Vestrheim frå Lærdal, Otelie Tenden frå Stryn og Oddbjørn Litlabø frå Sogndal var nokre av dei som deltok på den internasjonale klimakonferansen som vart arrangert i Sogndal denne veka. (Bilde: Øyvind Nondal)

Vil finna løysinga på dei store klimaproblema

Ungdom frå 18 land var denne veka samla i Sogndal for å utveksle idear og finna løysingar på klimaproblema.

Sogndal: Denne veka har 40 ungdommar frå 18 land vore samla i Sogndal i høve klimakonferansen Youth Peace Conference. Dei kjem frå land som Island, Mali , Ghana, Etiopia, Kenya, Finland, USA, Frankrike og England. 

Otelie Tenden som er elev på Sogndal vidaregåande skule seier til Porten.no at arrangementet er ein internasjonal klimakonferanse for ungdom av ungdom. 

Den siste veka har dei lært ulike ting om dei ulike klimaproblema rundt om i verda.

– Vi utveksla idear om korleis ein kunne gjera byar meir miljøvennlege seier Tenden.

Ho seier byar kan verta meir miljøvennlege ved å plante parkar rundt om kring og utnytte areala.

– VI lærte om ein by i USA som har mange tomme plassar som berre står der, og som ingen brukar. Så prøver vi gjera dei om til grøne areal og plante ulike mattypar og slikt, seier Tenden.                                    

Jobbar saman for å finne løysingar

Målet med konferansen er å samla ungdom for å diskutera globale klimaproblem på tvers av land, og skapa eit nettverk med folk i andre land.

Oddbjørn Litlabø frå Sogndal seier til Porten.no at ofte sit folk med skjulte idear. 

– Når vi kan samle ungdommar frå heile verda og gi dei fri ramme til å diskutere og komme med løysingar, så kan det henda vi finne løysingane på dei store klimaproblema, legg Litlabø til.

Dei drøfta også miljøutfordringar i Noreg.

Egil Natvik Vestrheim frå Lærdal seier til Porten.no at ein av byane var Sogndal.

– Ei av mulegheitene er å få meira jordbruk med såkalla «vertical farm». Det fungerer slik at dei har hyller og plantar på rader, og brukar eit spesielt lys som gjer at plantane veks godt. Det gjer at ein får mange haustingar i året, seier Vestrheim.

Avslutta med fredskonsert på Vesterland

Laurdag kveld avslutta ungdommane konferansen med konsert på Vesterland på Kaupanger. Første artisten som spelte for ein fullsett sal var Sebastian Haukås.

Andre artistar som spelte var Ronja Bakketveit, Louise Tveito, Sølvi Kvam, Audun Oklevik og bandet «Jacob’s dream».

Duoen «Ease» med Eirik Andreas Albretsen og Sara-Estelle Gößwein framførte ein eigenkomponert temasang for avslutninga. Dei hadde seg band og koristar frå Sogndal og Bergen. 

Youth Peace Conference

Konferansierar: Julie Aksnes Williams, Sigurd Myklebust, Frida Bjørnereim, Oddbjørn Litlabø. (Bilde: Øyvind Nondal)
Publikum (Bilde: Øyvind Nondal)
Sebastian Haukås (Bilde: Øyvind Nondal)
Sebastian Haukås (Bilde: Øyvind Nondal)
Til toppen