Vil finne komfortsona med Årdal

Vil finne komfortsona med Årdal

Avslutninga på førre sesong blei i overkant dramatisk for Ivan Øy og Årdal FK. I år er målet å kome i ei komfortsone.

Med naud og neppe klarte Årdal FK å sikre ny kontrakt i 3. divisjon førre sesong etter den nervepirrande målfesten mot Tornado Måløy, som enda 3-3. Drøye fire og ein halv månad seinare gjer Ivan Øy og laget han seg klart for ein ny sesong.

– Målet er å koma i ein slik situasjon at me er i ei komfortsone, at ein får gutane til å senka skuldrane og gjera det me veit dei kan. I fjor vart det litt mykje ryggen mot veggen. Då er det fort ein endrar på ein del ting ein i utgangspunktet har trua på, seier Årdal-trenar Øy til Porten.no.

Korleis dei skal nå det målet forklarar han slik:

TILBAKE: Truls Hovland er tilbake i Årdal, her i duell med Robin Moheim.
TILBAKE: Truls Hovland er tilbake i Årdal, her i duell med Robin Moheim.

– Me må bevisstgjera det for alle saman, å få mange nok spelarar med høg kvalitet til å delta. Om me har utskiftingar får kamp til kamp, vil ikkje eg sjå store endringar i nivået. I tillegg har dei yngste blitt eitt år eldre. Det hjelper på.

Første lange bortetur

Fredag reiser han og spelarane til Kristiansund for å gjera unna ein av dei lengste borteturane denne sesongen. På motsett banehalvdel ventar Kristiansund FK. Kampen blir ikkje spelt før i morgon, men 18 timar i buss same dag er uaktuelt. Difor blir løysinga overnatting. 

Kristiansund FK er også ein av fleire nye motstandarar for laget frå industrikommunen. 

– No hadde med ein sesong der me møtte lag som Spjelkavik og Hødd, og dei spelar ein type fotball som passar oss godt. Me fekk mykje god erfaring frå kampane i fjor, og eg trur dei nye laga spelar mykje likt det som allereie er der, seier han og seier spesielt heimekampane blir viktige for Årdal denne sesongen.

– Eit av hovudtinga i fjor, spesielt i vårsesongen, var at me tapte for mange viktige heimekampar. Hadde me teke poeng i dei kampane, og det burde me gjort etter spel og sjansar, ville me kome i ei komfortsone som gjorde at me kunne ha jobba med dei riktige tinga.

Fokus på planlegging

Ein av dei største utfordringane til Årdal førre sesong var talet på spelarar som jobbar skift. Difor har dei hatt mykje fokus på planlegging av sesongen i vinter. 

Etter treningskampane ser Øy også eit forbetringspotensial i gjennomføring av kampplan. 

Artikkelen held fram under biletet.

NY KAPTEIN: Marcin Brzycky tek over kapteinsbindet for Årdal FK etter Preben Strypet.
NY KAPTEIN: Marcin Brzycky tek over kapteinsbindet for Årdal FK etter Preben Strypet.

– Det har vore litt for mykje rykk og napp i forhold til det me har planlagt. Dette går jo sjølvsagt på at motstandaren les korleis me vil gjennomføra kampane og kvalitetane me har, men då må me klara å omstilla oss og gjera ting annleis.

Nye, gamle ansikt

Gjennom vintermånadane har det også blitt nokre endringar i laget. Øy har blant anna fått med seg Jan Kåre Stedje som trenar, og på spelarsida er det fleire gamle, men nye ansikt å sjå. 

Øy gir ros til både Andreas Hestetun og Marius Loftheim som har teke steget etter å ha blitt henta inn i vinter. I tillegg har Truls Hovland returnert etter ein sesong i Sogndal, medan Ørjan Skilbrei gjer comeback for Årdal for tredje gong når han er ferdig på skule seinare i vår.

Ny kaptein

Andre vegen har Øys son Edin gått. Han fekk sin debut for Sogdal måndag. I tillegg har dei mista målgarantist og kaptein Preben Strypet, samt veteran Edvin Hestetun. 

Artikkelen held fram under biletet.

GAV SEG: Edvin Hestetun (midten) og Preben Strypet (t.v.) gav seg begge etter førre sesong.
GAV SEG: Edvin Hestetun (midten) og Preben Strypet (t.v.) gav seg begge etter førre sesong.

Mot Stryn var det Marcin Brzykcy som fekk æra av å bere kapteinsbindet.

– Eg har brukt heile vinteren på å finne eit kapteinsemne. Eg vil ha typar som tek tak i ting, justerer laget på bana når ting ikkje går etter kampplanen, og som er sjef både på bana og i garderoben. Marcin er ikkje redd for å seia noko og set krav til folk. Difor er han eit passande emne.

Til toppen