KARTLEGGING: For første gong skal alle grunnskulane i landet kartleggjast for å finne ut kva for skular som bidreg mest og minst til at elevane lærer.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
KARTLEGGING: For første gong skal alle grunnskulane i landet kartleggjast for å finne ut kva for skular som bidreg mest og minst til at elevane lærer.​ Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Vil finne skulane som lærer elevane mest

For første gong skal alle grunnskulane i landet kartleggjast for å finne ut kva for skular som bidreg mest og minst til at elevane lærer.

Det er Statistisk sentralbyrå (SSB) som har gjort kartlegginga, som blir publisert 19. januar. Undersøkinga er gjort på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet.

– Det blir spennande å sjå resultata, fordi dei seier noko meir og noko endå meir interessant enn berre resultata frå nasjonale prøver og eksamenar, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til NTB.

Undersøkingane justerer resultata  frå nasjonale prøver for foreldra sitt utdannings- og inntektsnivå, i tillegg til  innvandrarbakgrunn, som alle er kjente faktorar som spelar inn på prestasjonane til elevane.

– Fleire av skulane som vanlegvis scorar høgt på andre rangeringar, kan kanskje kome til å få seg ei overrasking og oppleve at dei ikkje ligg på topp lenger, seier Isaksen.

Kritisert

I fjor blei ei tilsvarande undersøking gjort av dei vidaregåande skulane i landet. Den viste store kvalitetsforskjellar mellom skulane. Mens Oslo og Akershus hadde dei klart beste vidaregåande skulane, kom skulane i Finnmark, Troms og Nordland dårlegast ut.

I 2015 blei også ein tilsvarande undersøking gjort for alle barne- og ungdomsskulane i Oslo. Begge undersøkingane har i etterkant blitt kritiserte for å måle for smalt og dermed gi eit skeivt bilde av innsatsen ved dei ulike skulane.

Vidaregåande-rapporten blei også kritisert for ikkje å ta høgde for at det er vanskelegare å løfte elevar som allereie  ligg på eit  høgt nivå enn elevar på eit  lågare nivå.

Store forskjellar

Professor Thomas Dahl ved Institutt for lærarutdanning ved NTNU meiner ei nasjonal analyse av skulane si evne til å løfte elevane like fullt kan gi nyttig informasjon.

Dahl har forska på korleis lærarar ved ulike skular arbeider og organiserer undervisninga, og fann det han karakteriserer som urovekkjande store forskjellar.

– Ein skulebidragsrapport kan gjere dette endå tydelegare, sjølv om eg meiner kommunane allereie veit godt, eller burde vite, kva for skular som gjer det mindre bra.

Dahl seier fellesnemnarar ved skular som gjer det bra, er at lærarane i større grad enn ved andre skular planlegg og gjennomfører undervisninga i fellesskap, og at dei tek felles ansvar for å heve kompetansen og profesjonaliteten sin.

– Ei undersøking om skulebidrag kan gjere det endå tydelegare for skuleeigarar og skuleleiarar kvar ein bør sette inn ekstra ressursar eller jobbe annleis. Mi erfaring er at spørsmålet om korleis lærarane jobbar på den enkelte skulen, gjerne druknar i alle andre årsaker når ein diskuterer ulikskapane mellom skulane, seier Dahl.

(©NPK)

Til toppen