UTSYN: Med dette utsynet som råme, vil An-Magritt Lindtner formidla kulturhistoria til Aurland generelt og Skjerdal spesielt.
UTSYN: Med dette utsynet som råme, vil An-Magritt Lindtner formidla kulturhistoria til Aurland generelt og Skjerdal spesielt.

Vil formidla kulturhistorie på gard med majestetisk utsyn

An-Magritt Lindtner kom fram til at det var få tilbod til turistane innan kulturhistorisk formidling i Aurland. Då tok ho saka i eigne hender.

Aurland: – Turismen berre aukar i bygda, men dei som kjem hit får først og fremst tilbod om å oppleva fjord, fjell, utsyn og natur. Det er få som formidlar kulturhistorien. Difor tenkte eg på å laga eit konsept som kunne gje svara på kvifor det bur folk her, kva dei gjer og kva dei har gjort her, seier Lindtner.

Ho er sjølv frå Bergen, men mannen, Jon Skjerdal, kjem frå Aurland – nærare bestemt Skjerdal. Bror hans driv familiegarden, og då ekteparet fekk tilbod om å kjøpa ein annan gard i Skjerdal, Nigarden, slo dei til

– Me ønskja halda tilknyting til staden. Mannen min er oppteken av å ta vare på kulturminna som er her og me fekk stønad frå Kulturminnefondet til restaurerings- og vedlikehaldsarbeidet. Medan me heldt på med dette vaks ideen fram om å fylla garden med levande aktivitet så det ikkje blir ståande som eit tomt skal, fortel Lindtner.

Tenkte første tanken for eit par år sidan

Kva det konkret skulle innebera byrja å ta form då Lindtner gjekk på to forteljarkonkurs med Jorunn Barane, til dagleg lektor ved Sogn jord- og hagebruksskule.

Foto: Privat

– Då vaks den konkrete ideen fram; eg hadde lyst til å praktisera forteljing. Men det i seg sjølv er ikkje nok å leva av. Så eg tok kontakt med Flåm Guideservice om eit mogleg samarbeid. Dei var interesserte, men hadde sprengt kapasitet. Då vart det med det og eg tenkte at eg får ta saka i eigne hender. Så det er ein prosess som har  pågått eit par år frå første tanken var tenkt.

Konseptet har vorte «Skaldegard – for kulturhistoriske opplevingar». Her tilbyr Lindtner grupper på inntil åtte ei reise i Aurland si kulturhistorie. Gruppene blir henta på Aurlandsvangen ettersom det er lite parkeringsplassar på Nigarden, så startar opplegget ved grindbygget – der det er eit spektakulært utsyn – som elevar på jordbruksskulen har sett opp i samband med kurset i grindbygg.

– Dermed har me berre betalt for materialet, ikkje for jobben. Så me må takka jordbruksskulen og Torvald Tokvam her, seier Lindtner.

Kulturistorie og folketru

Vidare fortel Lindtner om korleis dei første menneska kom til staden, og historia vidare.

– Det var veidemenn som kom først, dei fulgde etter reinen. Så har jordbruket kome i seinare tid – her vil eg fortelja om kva dei dyrka, korleis dei dyrka og korleis dei budde, mellom anna. Så kjem me over i nyare historie etter krigen der eg fortel om når til dømes vegen, telefonen, vinsjen og og kraftverket kom i Skjerdal.

Foto: Privat

Dette er første del av programmet, og etter ei pause går Lindtner over på segnene og mytene.

– Då vil det handla om folketru; kva dei trudde på i tidlegare tider.

Skaldegarden opnar dørene 1. august; då vil hovudfokuset bli på å ta i mot turistar dei komande to månadane.

– Me har att ein del ting å setja i stand, mellom anna står det att ein del på grindbygget. Eg tenkjer at hausten blir oppstarten der det gjeld å finna rytmen og at innhaldet får sett seg. Då ser eg nærare kva folk er interesserte i å høyra om. Det tek tid å utvikla eit tilbod og gjera det kjend. Eg kjem til å ha hovudfokus på turismen ut oktober, men så dabbar det veldig av, seier Lindtner.

Vil gjera levebrød av Skaldegarden

På hausten og vinteren vil ho utvikla konsept for bygdefolket og folk frå nabobygdene.

– Eg må utvikla dette steg for steg, men det kan vera slikt som intimkonsertar eller forteljarkvelder. Og det kan vera skreddarsydde opplegg for lag og organisasjonar.

– Tenkjer du dette som ein heiltidsjobb?

– På sikt er det målet, ja – noko i alle fall eg sjølv kan leva av. Så er det sjølvsagt kjekt om det kan veksa så det kan sysselsetja fleire.

Til toppen