STAMVEG AUST-VEST: Vegvesenet står fast på å prioritere E134 over Haukeli og Rv 52 over Hemsedalsfjellet som stamvegar mellom aust og vest etter høyringsrunden. Biletet er frå Hemsedalsfjellet. Arkivfoto
STAMVEG AUST-VEST: Vegvesenet står fast på å prioritere E134 over Haukeli og Rv 52 over Hemsedalsfjellet som stamvegar mellom aust og vest etter høyringsrunden. Biletet er frå Hemsedalsfjellet. Arkivfoto

Vil framleis ha Hemsedal og Haukeli som dei nye stamvegane

Rv 7 Hardangervidda er taparen, då Statens vegvesen støttar opp om E134 Haukelifjell og Rv 52 Hemsedalsfjellet som dei nye stamvegane mellom aust og vest. 

Etter alle partar har fått seie sitt om kvar dei nye stamvegane mellom Austlandet og Vestlandet skal gå, står Statens vegvesen framleis fast om E134 Haukelifjell og Rv 52 Hemsedalsfjellet. For Hardangenvidda og Rv 7 kan dette bety berre mindre utbetringar. Det skriv NRK Sogn og Fjordane. Bakgrunnen er at Hardanger Folkebland har fått innsyn i dokument frå Statens vegvesen. 

VIKTIG Å FØLGE OPP: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, er nøgd med konklusjonane til vegvesenet. Arkivfoto
VIKTIG Å FØLGE OPP: Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, er nøgd med konklusjonane til vegvesenet. Arkivfoto

Nøgd, men trur ikkje kampen er over

Jan Geir Solheim, ordførar i Lærdal, som også er medlem av Interesseselskapet Rv 52/ Rv5, seier til NRK Sogn og Fjordane at han er glad for beskjeden og at konklusjonen frå vegvesenet etter høyringsrunden betyr mykje.

Likevel seier ordføraren at det er sterke krefter som jobbar for dei ulike alternativa til stamveg mellom aust og vest, og han trur ikkje kampen for Rv 52 Hemsedalsfjellet er over. 

Har vore ute på høyring

Det var i januar at vegvesenet kom med sine tilrådingar om kva vegar som skal vera hovudveg mellom Bergen og Oslo. Av fem alternativ, såg dei E134 Haukelifjell som den mest lønsame og Rv 52 Hemsedalsfjellet som det raskaste alternativet.

Saka var ute på høyring fram til mai 2015, som del av forarbeidet til neste Nasjonal Transportplan (NTP) for 2018 til 2027. I februar var også leiinga i samferdsledepartementet ute for å testa vegane mellom Oslo og Bergen, og for å få innspel frå folk langs vegane. 

Les også: Testar vegane frå aust til vest

Den endelege avgjerda om kvar stamvegane i Noreg skal gå, skal opp i Stortinget. 

Til toppen