VIL GJESTE BÅTTURISTAR: Alt til sommaren er planen at det nye kaianlegget skal stå ferdig på Meierihopen på Årdaltangen. Foto: Truls Sylvarnes
VIL GJESTE BÅTTURISTAR: Alt til sommaren er planen at det nye kaianlegget skal stå ferdig på Meierihopen på Årdaltangen. Foto: Truls Sylvarnes

Vil freista båtgjester med ny hamn

Gjestehamn i Meierihopen på Årdalstangen skal gi turistar få meter til fasilitetane i sentrum. Likevel er det berre ein liten del av planane.

  • Endret

Dei neste åra har Årdal kommune tenkt til å satse hardt på reiseliv. Førre veke skreiv Porten.no om Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord, som utfordra innbyggjarane i kommunen til å kome med idear til kva som kan gjera Årdal meir attraktivt.

Årdal båtforening har eitt av svara og har teke initiativ til å etablera ei ny gjestehamn i Meierihopen på Årdalstangen. Med seg på laget har dei fått Klingenberg Hotell og Årdal Utvikling. 

Etter planen skal kaianlegget stå ferdig til sommaren.

Artikkelen held fram under biletet.

SKISSE OVER GJESTEHAMN: Plassane til høgre er til gjestebåtar og består av to tredjedelar av hamna, mens til venstre er for permanente fortøyingar. Hamna ligg i Meierihopen på Årdalstangen.  ILLUSTRASJON
SKISSE OVER GJESTEHAMN: Plassane til høgre er til gjestebåtar og består av to tredjedelar av hamna, mens til venstre er for permanente fortøyingar. Hamna ligg i Meierihopen på Årdalstangen.  ILLUSTRASJON

I full gang

For kring eit år sidan investerte Årdal Båtforeining i ein ny flytebrygge, såkalla bølgebrytar i Saltvika, der båtforeninga har hamn. Den gamle bølgebrytaren skal på plass i Meierihopen, rett utanfor Klingenberg Hotell fortel leiaren i Årdal Båtforening, Albert Berveling til Porten.no.

INITIATIV: Leiar i Årdal Båtforening Albert Berveling. Arkiv
INITIATIV: Leiar i Årdal Båtforening Albert Berveling. Arkiv

Samarbeidsavtala mellom Klingenberg Hotell, Årdal Utvikling og Årdal Båtforening, som deler utgiftene for prosjektet, skal bli klar i løpet av året. Båtforeininga har alt laga eit utkast til ein intensjonsavtale mellom dei tre partane, som no er under behandling. 

Den siste føresetnaden for å få prosjektet gjennomført, er å få ei langsiktig avtale på ti år med Årdal kommune om å bruke området. 

– Det er formelle løp me må halde oss til. Likevel er dette noko som kommunen har spurt om. Båthamna kjem, men det er mykje arbeid som må gjerast, seier Terje Laberg i Årdal Utvikling.

Betre for turistar

Sjølv om småbåttrafikken i Årdal ikkje har vore allverdas, er både Laberg og Berveling er klare på at dette er verdt å satsa på. 

– Me har ei gjestehamn på småbåthamna til båtforeininga i Saltvika, men den ligg meir avsides til, den har ikkje eit ordentleg opplegg for infrastruktur og det er heller ikkje så hyggeleg å ta imot turistar der. I Meierihopen vil båtturistar ha kort avstand til sentrum, og fasilitetar som dusj, bar, kafè, trimrom og busskorrespondanse for å nevne noko, seier Berveling.

Laberg fortel at med ny gjestehamn i Meierihopen, vil ein dra betre nytte av fjorden.

REISELIVSATSING: Leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg. Arkiv
REISELIVSATSING: Leiar i Årdal Utvikling, Terje Laberg. Arkiv

– Det vil vera positivt å gjera Årdal meir attraktivt for den gruppa med turistar. Me vil koma på den landsdekkande oversikten for småbåthamner, slik at dei som tek turen heilt inn i Sognefjorden får veta at dei får plass til båten sin på ein trygg og god måte, seier Laberg.

Tjuvstart på reiselivsatsing

– Me har jobba med båtforeninga ganske lenge. Dette har litt samanheng med reiselivsstrategien me no har vedteke. Me har hatt møte om kva me kan gjera med torget på Tangen, og der er det store utfordringar knytt til eigedomsstrukturen, så difor tenkte me at i 2015 kan me ikkje sitja å venta på desse aktørane og starta difor nede ved sjøen, seier Laberg.

– I første omgang skal me utvikla gjestehamna til sommartrafikk, der folk kan få lagt til og få service, og så lurer me på om me skal planlegga ein oppstillingasplass for bubilar, held han fram.

Laberg samanliknar det med ein campingsplass for båtar, der ein får innlagt vatn, straum, som gjestane berre kan kopla seg på, fylla vasstankane, lada batteri og ha lys og varme. Heile kaianlegget nedanfor Klingenberg Hotell skal forskjønnast.

Kva meiner du om desse planane? Sei di meining i kommentarfeltet under.

Til toppen