Vestland: "Me vil løfte nynorsk som daglegspråk, i digitaliseringa, i kunsten, i opplæring, arbeids- og næringsliv."
Slik formulerte fylkesutvalget seg då dei torsdag vedtok eit mandat for nettverket Nynorskfylket. Det skriv fylkeskommunen sjølv på sine sider.
– Nettverket skal vere ein arena for deilig, fagleg utvikling og språkpolitiske diskusjonar, skriv fylkeskommunen vidare.
Tjue aktørar
No har tjue aktørar slutta seg til nettverket.
– Som fylkeskommune skal me fremje nynorsken, men me kan ikkje gjere det åleine. Å ha både det offentlege, lag og organisasjonar og privat næringsliv med på laget, er heilt avgjerande, seier fylkesordførar Jon Askeland til nettstaden.
Nettverket har allereie hatt to møte i år.
Kunst og næringsliv
Mandatet seier at Nynorskfylket Vestland vil løfte nynorsk som daglegspråk, i digitalisering, kunst, opplæring og arbeids- og næringsliv.
Les heile formuleringa her:
"Nynorskfylket Vestland er eit nettverk som jobbar for auka bruk og fremjing av nynorsk på alle samfunnsområde i Vestland fylke. Nettverket er arena for deling, fagleg utvikling og språkpolitiske diskusjonar. Me vil fremje nynorsk språkidentitet og klarspråk. Me vil løfte nynorsk som daglegspråk, i digitaliseringa, i kunsten, i opplæring, arbeids- og næringsliv. Nettverket kan gje råd til folkevalde organ i nynorsksaker.
Deltakarane i Nynorskfylket Vestland representerer frivillige, ideelle, offentlege og private aktørar med regional funksjon i Vestland."