SPENNING: Aleksander Øren Heen fortel det er knytt stor spenning til korleis statsbudsjettet 2017 skal koma i hamn ettersom forhandlinga mellom regjeringa og støttepartia dreg lengre og lengre ut. Her er SP-politikaren med partifelle Liv Signe Navarsete. Arkivfoto
SPENNING: Aleksander Øren Heen fortel det er knytt stor spenning til korleis statsbudsjettet 2017 skal koma i hamn ettersom forhandlinga mellom regjeringa og støttepartia dreg lengre og lengre ut. Her er SP-politikaren med partifelle Liv Signe Navarsete. Arkivfoto

Vil gi 18 millionar meir til kommunane i Sogn

Senterpartiet sitt alternative statsbudsjett legg opp til styrking av kommuneøkonomien, både gjennom meir direkte midlar og endring av renta som fører til svikt i eigedomsskatten

– Spesielt på kommuneøkonomien har regjeringa laga eit dårleg budsjett, difor gir me to milliardar kroner meir til kommunane, noko som utgjer 18 millionar kroner meir til kommunane i Sogn. I tillegg vil me setja ned kapitaliseringsrenta til tre prosent, noko som vil utgjera mykje for våre kommunar, seier fylkespolitikar Aleksander Øren Heen i Senterpartiet.

Den mykje omtala eigedomsskatten på kraftverk gir mindre inntekter til kommunane di høgare kapitliseringsrenta er. Denne renta har stått stille på 4,5 prosent sidan 2012, og gir meir pengar til Staten, mindre til kommunane.

Les også: – Kommunane leikar ikkje butikk

200 millionar til breibandsutbygging

I tillegg til kommuneøkonomien er samferdsle eit satsingsområde for Senterpartiet. 

– Me har lagt inn 60 millionar kroner på E16 mellom Bergen og Voss. Dette er ein veg mange sogningar brukar og her vil me forsera planlegginga for å få fortgang på utbetringa, for den vegen er altfor dårleg. I tillegg får Vik fengsel 21 millionar kroner, og me legg til 200 millionar kroner på skredsikring nasjonalt, seier Øren Heen.

200 millionar kroner meir vil Senterpartiet også leggja til for større utbygging av breiband i distrikta 

– Vårt fylke har fått rundt førti prosent av desse midlane, så det vil vera godt for vår region, seier SP-politikaren.

– Har gått knallhardt ut i kvar si retning

– Kor mykje har eit alternativt statsbudsjett frå eit oposisjonsparti som kanskje er lengst unna regjeringspartia å seia? 

– Det er mykje uavklart rundt statsbudsjettet, regjeringa forhandlar med støttepartia, og dette dreg lengre og lengre ut. Me vil gje eit tydeleg signal på korleis eit budsjett frå oss vil kunne sjå ut om me kjem i regjering frå 2017 - me jobbar aktivt for å få bytt ut dagens regjering.

– Du som sit tett på det som skjer på Stortinget; veit du noko om korleis desse forhandlingane går?

Det ein ser er at begge partar har gått knallhardt ut i kvar si retning, så det er knytt stor spenning til korleis dei kan bli einige om noko. Det vil nok dra ut før dei blir einige, om dei blir det i det heile.

– Kva skjer om dei ikkje blir einige?

– Ja, kva skjer då. Me har openbart ei regjeringskrise i så tilfelle. Då er det mykje spenning rundt kva som vil skje. 

Til toppen