MOTTO: «Fysisk aktivitet for alle» er visjonen til Sogn og Fjordane fylkeskommune, som er ein pådrivar, med mynde frå Kulturdepartementet til å fordele spelemidlar. Illustrasjonsfoto: Ina Eirin Eliassen
MOTTO: «Fysisk aktivitet for alle» er visjonen til Sogn og Fjordane fylkeskommune, som er ein pådrivar, med mynde frå Kulturdepartementet til å fordele spelemidlar. Illustrasjonsfoto: Ina Eirin Eliassen

Vil gi meir til anlegg og aktivitet

Fylkesrådmannen foreslår å sette av 98 millionar kroner i spelemidlar til nye idrettsanlegg i fylket dei neste fire åra, slik at satsingar på fysisk aktivitet og friluftsliv kan halde fram. 

Sogn og Fjordane: Av innspel på 197 anlegg, har fylkesrådmannen funne plass til å prioritere 73 av desse i den nye planperioden for 2016 til 2019. 

Mellom anna er fleirbrukshall i Hyllestad og den første turnhallen i fylket i Stryn av anlegga som kan få viktig støtte når hovudutval for næring og kultur handsamar forlenging av planperiode og rullering av handlingsprogramma for regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 24. november. Saka skal opp i fylkestinget 8. desember.

Mynde til å fordele spelemidlar

Evalueringa av planen så langt viser god måloppnåing, skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding. «Fysisk aktivitet for alle» er visjonen, og fylkeskommunen er ein pådrivar, med mynde frå Kulturdepartementet til å fordele spelemidlar.

I ny planperiode 2016–2019 foreslår fylkesrådmannen å sette av spelemidlar til 49 nye anlegg i handlingsprogrammet. I Sogn forslår fylkesrådmannen mellom anna å prioritere Sogndal skisenter med eit samla tilskot av spelemidlar på kring 3,5 millionar i 2017 og 2018. 

Dette kan bli prioritert ti år fram i tid

I perioden som får ti år fram i tid, altså frå 2015 til 2025, er det planlagt fleire større anlegg i fylket, sjølv om dette også gjeld rehabilitering av svømme- og idrettshallar. 

Planen omhandlar også meir enn berre anlegg, då fleire aktørar samarbeider om tiltaka i hovudprogrammet.

Av dei prioriterte satsingane er styrking av rammevilkåra til frivillig sektor, oppretting av friluftsråd, ein time fysisk aktivitet dagleg i skulen, integrering av idrettslag, gratis heiskort til fjerdeklassingar og etablering av ei felles heiskortordning mellom skisentra. 

Til toppen