Medan stadig fleire område i kommunen får tilgang på breiband og raskt internett, finst det framleis stader der ein ikkje er like heldig.
I Årdal gjeld dette mellom anna Fardalen og øvre del av Seimsdalen. No vert det nye tider også her. Torsdag sette kommunestyret av 1 million kroner til forskuttering av breibandsutbygging.
Dette må til for at kommunen skal få ut tilskotsmidlane kommunen har fått frå «Breibandsløftet Sogn og Fjordane 2016».