BREIBAND: Politikarane i Årdal går inn for breibandsutbygging i Seimsdalen og Fardalen. Foto: Ole Ramshus Sælthun. 
BREIBAND: Politikarane i Årdal går inn for breibandsutbygging i Seimsdalen og Fardalen. Foto: Ole Ramshus Sælthun. 

Vil gi midlar til utbygging av breiband her

– Breiband er like viktig som veg, vatn og kloakk. 

Seimsdalen: Medan stadig fleire område i kommunen får tilgang på breiband og raskt internett, finst det framleis stader der ein ikkje er like heldig.

I Årdal gjeld dette mellom anna Fardalen og øvre del av Seimsdalen. No vert det nye tider også her. Torsdag i førre veke sette kommunestyret av 1 million kroner til forskuttering av breibandsutbygging. 

Eit «must»

Dette må til for at kommunen skal få ut tilskotsmidlane kommunen har fått frå «Breibandsløftet Sogn og Fjordane 2016». 

– Breiband er jo eit «must» dersom ein skal kommunisere og er like viktig som veg, vatn og kloakk. Det er på høg tid at også desse områda får tilgang på breiband, sa Olav Nese (Ap). 

500.000 av denne millionen er kommunen sin eigendel. Den samla byggingskostnaden er sett til 1,8 millionar kroner for 27 husstandar. No skal arbeidet leggjast ut på anbod. 

Ønskjer seg breiband i Ofredalen

Erling Offerdal (Sp) håpar at også Ofredalen, der han også er busett, snart vil få dei same kommunikasjonsmoglegheitene. 

– Senterpartiet er sjølvsagt positive til dette. No byggjer me ut i Seimsdalen, men kva skjer med Ofredalen vidare? Her har ein anlegget «Ne' fø' sjøen» og Seimsåsen som er viktige punkt som kan styrke reiselivet i Årdal totalt. Me har ikkje ein gong mobildekning der ute, sa han.

Her hadde rådmann Olve Fossedal ein lur plan – viss ting slår til.

– Etter kvart som det vert avklart om det vert utbygging av Ofredalen Kraft eller ikkje, så vil rådmann ta initiativ til at ting som breiband og mobildekning vert kopla opp mot det prosjektet. Det er rimeleg sjølvsagt at eit kraftselskap ikkje vil sitja der ute med den dekninga som er der i dag. Då antar eg at det vil løyse seg utan at eg skal love noko.

Til toppen