OPNING: På fredag blei ei ny utstilling opna i galleriet i Solvorn. Det var totalt 35 som møtte opp får å sjå på biletea tatt av Veri Media.
OPNING: På fredag blei ei ny utstilling opna i galleriet i Solvorn. Det var totalt 35 som møtte opp får å sjå på biletea tatt av Veri Media. (Foto: Privat)

Vil gi turistar noko å gjera på: - Me er i startfasen

I fjor haust opna fotogalleriet i Solvorn. No er galleriet sommarope med ei ny utstilling.

Luster: – Sonen vår er oppvaksen her, og me fekk tak i ei sjøbod. Då sa han til meg at det hadde vore kult å ha hatt galleri her inne, fortell Liv Byrkjeland. 

Ho er mora til Vegard Byrkjeland Aasen og gift med Vidar Aasen, som eig galleriet gjennom Sognefjord Naturkjøkken.

Fekk støtte til å restaurere

Lustringen Vegard Byrkjeland Aasen er ikkje lenger ukjent for dei fleste. Bileta hans er fanga opp av både X Games og Red Bull Illume, som er rekna for å vere verdas største internasjonale fotokonkurranse for actionsport. Med bedrifta si Veri Media, som han driv i lag med Eric James Ryan, har han utstillingar i Solvorn.

 RESTAURERT: For å kunne gjera sjøboden til eit galleri, har dei fått støtte frå kulturminnefondet. Foto: Privat

– Det er ei freda sjøbod, så me har fått pengar frå kulturminnefondet til å restaurera det. Heile bygget blei restaurert i fjor, medan me bygde ei kai i år. No er me ferdig med alt, seier Byrkjeland.

Under den offisielle opninga av galleriet i fjor haust, møtte hundrevis av folk får å sjå bileta. På fredag møtte cirka 35 personar for å sjå den nye utstillinga.

– Me har ikkje marknadsført opninga så mykje denne gongen, men me ser at folk har vore innom og fått det med seg for det om.

Skal gi turistane noko å gjera på

Galleriet kjem til å vera ope for besøkande heile sommaren.

– Det er berre å tusla inn. Den blir opna om morgonen, og eg låser igjen om kvelden. Det er sjølvbetening med kontaktinformasjon og vipps på småsal.

 GALLERI: Galleriet er plassert i Solvorn og er det første prosjektet for å gi turistar meir å gjera på. Foto: Privat

Galleriet er eit av dei første prosjekta dei jobbar med som har med turisme å gjera, men det kjem nok til å bli meir framover.

– Me er endå i startfasen, men me tenker at det skal bli meir enn berre fotogalleriet. Det har allereie kome inn turistar utan at me har marknadsført i det heile tatt. Turistane treng å ha noko å gjera i bygda.

– Me har overnattingsbedrifter her, så om folk har noko å gjera på kjem dei til å bli her lenger. Målet er å få fleire turistar til Solvorn og å gi dei fleire moglegheiter til aktivitetar, seier Byrkjeland.

Til toppen