Lærdal/Årdal: – Eg har tenkt på det lenge; at å tilby elevane eit varmt måltid der dei sit og et i lag kan vera med på å førebyggja mobbing. Og at dei som elles kanskje ville ha reist på butikken og kjøpt brus og bollar heller nyttar seg av dette tilbodet med ein sunn lunsj, seier Brita Einemo, kjøkensjef på Lærdal bu- og omsorgsheim.
Ho har teke initiativ til ei ordning der dei lagar varmlunsj tre gonger i veka for elevane på Lærdalsøyri skule. Doktorheimen står for transportert av maten bort på skulen og drift av sjølve kantina der elevane kjøper lunsjen.
Populær kyllingburger
Denne dagen står havregraut med rikhaldig tilbehør på menyen. Ein porsjon kostar 15 kroner.
Artikkelen held fram under biletet

– Det skal vera billeg og sunt. Fleire og fleire ungdommar slit med overvekt, og då kan sunn lunsj verka førebyggjande, forklarar Einemo.
– Har du fått tilbakemeldingar frå elevane på maten?
– Ja, det har berre vore skryt til no. Også helsesøster og rektor meiner dette kan ha positive effektar.
– Kva har vore den mest populære retten?
– Kyllingburgeren i førre veke ser eg gjekk unna.
Vil motverka at elevane handlar usunn lunsj
På Farnes ungdomsskule i Øvre Årdal har FAU og Helselaget også teke initiativ til eit lunsjtilbod. Her har Helselaget stilt opp med grovbrødskiver og pålegg som ost, skinke, leverpostei og salami, medan FAU gir elevane grønsaker og frukt.
– Ungdommar et først og fremst det dei har lyst på, dei er for lite bevisste rundt sunt kosthald. Fleire er nok bevisste på samanhengen mellom sunn mat og god helse no enn for nokre år sidan, men det kan heilt klart bli betre, seier FAU-leiar Vigdis Lio.
Artikkelen held fram under biletet

Spesielt vil dei motverka at elevane reiser på matbutikkane og handlar brus og mat med mykje sukker i til lunsj.
– Ei stund reiste veldig mange bort på Torget og handla. Det er færre no, men framleis ein del som gjer det. Ein del elevar droppar også frukosten, så lunsjen blir første måltidet. Og då blir det enno viktigare at dette måltidet er næringsrikt, seier FAU-leiaren.
Når klokka slår 11 strrøymer ungdommane til og forsyner seg av lunsjen dei får spandert denne dagen. Elevane Porten snakkar med tykkjer vel om ordninga.
– Det er veldig god mat. Vanleg pålegg som skinke og salami, og med frukt blir det litt meir spennande, seier Synne Øvregard.
– Eit godt tilbod, og eg trur dei aller fleste vil nytta seg av det om det blir fast, seier Ronja Åsebø.
Artikkelen held fram under biletet

Håpar på permanent ordning
Begge dei to jentene har med niste til vanleg.
– Fredagar er me borte i kantina på Vidaregåande og et der, seier Åsebø.
– Er det nokon som reiser ut og handlar lunsj på Torget?
– Ja, mange gjer det nesten kvar dag.
Lio i FAU meiner det kan vera uheldig.
– Nokre har med seg mykje pengar å handla lunsj med, og det blir også eit press for dei andre. Då meiner eg ikkje det er gale at dei handlar salat på kantina, men at nokre ofte reiser utanfor skulen og handlar lunsj tykkjer me ikkje er heldig.
Vidare håpar ho dei kan få til at ordninga blir permanent.
– At me stiller med lunsj ei gong i månaden og gjerne oftare - me skal evaluera prøveordninga no når me har gjennomført tre gonger. Første gongen nytta 90 av 101 elevar tilbodet, så det ser ut til å vera populært, seier Lio.
Også tilbodet med varmlunsj i Lærdal er ei prøveordning fram til jul. Kjøkensjef ved Lærdal bu- og omsorgsheim, Brita Einemo, seier det kan bli aktuelt å utvida tilbodet til heile skulen, om det er ønskjeleg.
– No gjeld det berre ungdomsskulen, så må foreldra seia noko om kva dei ønskjer.