NYTT OG GRØNT: Aldri før har årdølene kunna stemt på Miljøpartiet Dei Grøne ved kommunevalet. Det kan dei i år, og då er det miljøet som står i fokus, fortel Sandra Opheim, som her står saman med Rasmus Hansson. Foto: Privat.
NYTT OG GRØNT: Aldri før har årdølene kunna stemt på Miljøpartiet Dei Grøne ved kommunevalet. Det kan dei i år, og då er det miljøet som står i fokus, fortel Sandra Opheim, som her står saman med Rasmus Hansson. Foto: Privat.

Vil gje veljarane i Årdal eit grønt alternativ

Miljøpartiet har gått frå ei til ni kommunelister i Sogn og Fjordane sidan førre kommuneval. Éi av desse nye listene finn ein i Årdal.

– Me synest Årdal treng eit nytt alternativ som skal vera med i lokalpolitikken. 

Det seier Sandra Opheim, kasserar og andrekandidat på kommunelista til nystarta Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Aldri før har årdølene kunne stemt på dette partiet ved eit kommuneval, men til hausten kan dei det.

Like før fristen gjekk ut for å sende inn kommunelister, fekk dei samla ein stor nok tropp til å stille til val til hausten. Det var Torunn Todal Laberg som hadde initiativet. Ho står som nummer tre på lista. Toppkandidat er Tommy Hauge.

Miljøet i fokus

TOPPKANDIDAT: Tommy Hauge er MDGs toppkandidat i Årdal.
TOPPKANDIDAT: Tommy Hauge er MDGs toppkandidat i Årdal.

– Det gjekk ganske fort føre seg, men me hadde gått kvar for oss og tenkt på det i lengre tider. Me er veldig motiverte til å vera med i valkampen og koma i posisjon, fortel Opheim og seier ambisjonen er å komma inn i kommunestyret med to representantar.

Med miljøet som førsteprioritet vil Dei Grøne gje årdølene noko heilt anna å stemme på. Opheim forklarar at folk stadig blir meir miljøbevisste og at Dei Grøne er ein del av ein større internasjonal rørsle. 

– Sjølv om ein førebels berre har éin stortingsrepresentant, så har me tvinga andre parti til å bli meir miljøbevisste. Me har ganske god innflytelse sjølv om me er små, og dette er blitt lagt merke til.

Populære

Det er det ingen tvil om. Ved førre kommuneval var det berre i Aurland at ein kunne stemme på MDG. Då fristen gjekk ut 31. mars i år, hadde åtte andre kommunar fått inn kommunelister også.

Og det er sjølvsagt miljøet som står i fokus hjå desse politikarane når det tek standpunkt i saker. Som Opheim forklarar, går dei ikkje til venstre eller høgre i sakene, men framover,

– Det er omsyn til miljøet me legg til grunn i sakene. Me vil ta standpunkt med bakgrunn av at det som er best for miljøet. Det er det som vil styra politikken og kven ein skal samarbeida med, seier ho.

Gamleskulen er ei viktig sak

Viktige saker for Dei Grøne er tiltak som vil redusera forureininga i lokalsamfunnet, tiltak som vil fremja folkehelsa og tiltak som vil fremja frvillig arbeid. 

– Gamleskulen er eit godt og synleg døme på det. For det første er det bevaring av eit gamal bygg. Det er brukte ting som blir selde der. Frivillig arbeid er sentralt hjå oss, og det skjer der, og så er det ein sosial møteplass på tvers av generasjonar og etnisk opphav.

– I utgangspunktet har dei fått to år for å sjå korleis dette går, men me vil vera oppteken av å bevara Gamleskulen. Tenk om dette tiltaket etter kvart kan omfatte ei moderne utgåve av den tradisjonelle skulehagen.

Industrisamfunnet Årdal

Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at Årdal er eit industrisamfunn, der næringslivet og samfunnet baserer seg veldig på korleis dei store industriaktørane gjer det. 

– Me er sjølvsagt glad for industrien. Me er ikkje interessert i å ta den vekk, men me meiner også at alle må gjera sitt for at lokalsamfunnet skal bli meir miljøvenleg, seier Opheim. 

– Alle utfordringar og miljøproblem startar lokalt sjølv om det har globale konsekvensar. Det er mykje ein kan gjera på lokalt nivå.

Til toppen