UNDER LUPA: Seimsåsen aktivitetssenter er eit av skisentera som har blitt vurdert. Arkivofoto: Johnny Svåi.
UNDER LUPA: Seimsåsen aktivitetssenter er eit av skisentera som har blitt vurdert. Arkivofoto: Johnny Svåi.

Vil gjera badeplassar og skianlegg tilgjengeleg for alle

Fylkeskommunen har kartlagt 24 badeplassar og 20 skianlegg for å sikre at fysisk aktivitet er tilgjengeleg for alle.

Årsaka til at ein gjer dette er for å gjere skianlegg og offentleg badeplassar meir tilgjengelege. Alle kommunar har delteke i registreringa, og no er det opp til kommunane og skianlegga å ta dette med seg vidare for å gjere tiltak.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått 100 000 kroner frå Kartverket til å styrke kunnskap og kartlegge om ski-anlegg, badeplassar og utvalde turstiar oppfyller krava om universell utforming. Kartlegginga ser på parkeringsplass, HC-toalett, tilkomst til område, sittegruppe med meir.

Den syner store variasjonar i tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne ved badeplassar og skianlegg.

 – Me opplever likevel stor interesse, særleg frå skisentra, for å legge forholda betre til rette allereie til denne sesongen i form av å skilte eigne HC parkeringsplassar. Tilbakemeldingane frå anleggseigarane syner blant anna vilje til å utbetre tilkomst frå parkering til varmestove og heis, seier fylkeskommunen ved  prosjektleiar Jo Tore Kristoffersen og rådgjevar for fysisk aktivitet, Atle Skrede.

Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkeskommune, kommunar og frivillig sektor, der fylkeskommunen tek hovudansvar som regional utviklingsaktør.

– Ei slik kartlegging ville vore kostbart for kommunane eller skisentra åleine, men koordinert vert både kostnaden lågare og arbeidet målbevisst. Vi har stor tru på at fleire badeplassar i fylket vert betre tilgjengelege til sommaren på bakgrunn av rapporten, seier dei to entusiastisk.

I Lærdal er Grandane badeplass nemnt som ein plass som kan gjerast meir tilgjengeleg med skilting for HC-parkering og ved å byggje sti med fast dekke mellom parkeringsplass og til stranda, samt støype fast dekke ned til baderampe.

I Årdal er Seimsåsen aktivitetssenter nemnt med betre merking av parkering og betre tilkomst til servicebygg. Strondi badeplass er også med i utgreiinga, og her er det mange manglar, men sidan det allereie finst badeplassar i kommunen som er tilpassa, er det lite sannsynleg at det vert gjort noko her.

Til toppen