: F.v Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Svein Olav Myklebust, dagleg leiar i fotballkretsen, Frank Tore Tveit, fylkeskommunen, Tore Dvergsdal, regionbanksjef i Sparebanken Vest.
: F.v Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Svein Olav Myklebust, dagleg leiar i fotballkretsen, Frank Tore Tveit, fylkeskommunen, Tore Dvergsdal, regionbanksjef i Sparebanken Vest. (Foto: Inger Marie Lien/Sparebanken Sogn og Fjordane)

Vil gjera kunstgrasbanene i fylket meir miljøvenlege

Vil at Sogn og Fjordane skal få dei grønaste kunstgrasbanane i landet.

Indre Sogn: Bankar i fylket har gått saman for å installera filter i avlaupskummane rundt kunstgrasbanene for å hindra at fyllmassen, som består av mikroplast, renn ut i naturen, skriv fylkeskommunen i ei pressmelding. 

Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Noregs fotballforbund (NFF) Sogn og Fjordane og fylkeskommunen står bak spleisinga til innkjøp av slike filter til alle baner i fylket som er eigd eller drivne av idrettslag.

– Vi er veldig nøgde med å kunne rulle ut dette prosjektet. Vi har jobba systematisk med å få nøyaktige tal på klubbar, eigarforhold og tal kummar, og er det einaste fylket som har laga oss så god oversikt på behovet for granulatfilter, seier Frank Tore Tveit, konsulent i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Klubbane må gjera resten

Fylkeskommunen og NFF Sogn og Fjordane har kartlagt behovet for kummar i klubbane i fylket, og skriv at det er opp til klubbane å få på plass filtera. Klubbane vil få eit informasjonsbrev om kva dei må gjere for å få midlar til sine filter.

Fyllmassen renn ut i naturen hovudsakleg om vinteren, heiter det i pressemeldinga.

– I samband med vinteropne baner og snøbrøyting forsvinn det store mengder granulat ut av anlegga dersom ein ikkje har innarbeidd gode rutinar for snødeponering og tilbakeføring av granulat til kunstgrasbana når snøen smeltar,  seier Svein Olav Myklebust, dagleg leiar i fotballkretsen.

Til toppen