HJORT- OG RÅDYRPROBLEM: Erling Offerdal (Sp) ville vita kva kommunen gjorde for å bli kvitt problemet med at hjort og rådyr beita på gravene på kyrkjegarden i Øvre Årdal. Ei mogleg løysing frå ordføraren var å gjerda dei ute. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
HJORT- OG RÅDYRPROBLEM: Erling Offerdal (Sp) ville vita kva kommunen gjorde for å bli kvitt problemet med at hjort og rådyr beita på gravene på kyrkjegarden i Øvre Årdal. Ei mogleg løysing frå ordføraren var å gjerda dei ute. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Vil gjerda ute hjort og rådyr som beitar på kyrkjegarden

– Det er ei ekstra påkjenning for dei pårørande, seier Erling Offerdal (Sp).

På den nye kyrkjegarden i Øvre Årdal er det eit stort problem at hjort og rådyr beitar på blomar og kransar som pårørande legg på gravene. 

I førre kommunestyremøte leverte Erling Offerdal på vegne av Senterpartiet ein interpellasjon der han stilte spørsmål rundt kva kommunen gjer med dette.

– Dette er ei kjent sak som har vore over lengre tid, og det har vist seg å vera eit stort problem for dei pårørande. Det er ei ekstra stor påkjenning når dei skal gå på grava, og det er greitt at kommunen gjer noko med dette no, sa han.

Gjerda hjorten ute

Svaret han fekk frå ordførar Arild Ingar Lægreid (Ap) var at dette var noko dei kom til jobba med, og dei har falle ned på ei løysing.

– Me har hatt personar der i vår som har teke ein runde på kva dette eigentleg dreier seg om og kva ein kan gjera. Me har vore i kontakt med landbrukskontoret, og då ser det ut til at ein må setja opp eit gjerde, sa ordføraren.

– Førebels er det den einaste gode løysinga dersom ein skal koma klar den problemstillinga. Det vil ha ein kostnad, så eg ber rådmann om å vurdera og iverksetja tiltak i samarbeid med kyrkjeleg fellesråd som kan løysa problema.

Ta ut dyr

Det var eit svar Offerdal nikka nøgd til, medan Geir Hilmar Sandvik (Frp) ville sjå på moglegheita til å ta ut dyr. Han likte heller ikkje tanken på at kyrkjegarden skulle gjerdast inn med eit to meter høgt gjerde.

– Når det gjeld skadeskyting og slike ting, det er ikkje snakk om å ta ut dur som ein ofte ser beita der? Og kva med jaktkvotane på hjort? Det blir jo berre meir og meir hjort. Framme i Utladalen hende det at me såg hjort oppi lia, men no har me dei beitande på plenen, sa han.

Lægreid sa at dette ville dei ta med seg, men at løysinga mest truleg blir eit gjerde. 

Til toppen